Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Val av skyteneste for nettside

Valet av skyteneste blir påverka av fleire variablar. Kva behov skal dekkjast, kva IT-kompetanse er tilgjengeleg i bedrifta, kva er praktisk, og kva er kostnadene? Dette skal du utforske i oppgåvene på denne sida.
Bilete av ein moderne laptop og ei gammal skrivemaskin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi tilrår at du les artikkelen Forskjellige typar skytenester (NDLA) før du startar på oppgåvene.

Ein forfattar har leigd deg inn for å setje opp ei nettside. Forfattaren tenkjer å bruke nettsida til å promotere bøkene sine og publisere utdrag frå dei. Nettsida skal òg ha ei oversikt over sosiale medium der det går an å nå forfattaren. Det er viktig for forfattaren at nettsida ikkje har innebygd reklame.

Nettsida vil ikkje ha stor belastning og i utgangspunktet eit moderat tal på besøkjande. Du har kome til at du ønskjer å leige inn skytenester på månadsbasis, og du har desse alternativa:

  • Du kan leige ei virtuell Linux-maskin (IaaS) der OS, database og naudsynte program må installerast. Du må setje opp CMS, som Wordpress, og designe nettsida.

  • Du kan leige plass i eit webhotell (PaaS) med databasetilgang. Du må leggje inn CMS, som Wordpress, konfigurere database og designe nettsida.

  • Du kan leige tilgang til eit webhotell (SaaS) som har si eiga plattform (CMS) sett opp, og du må designe nettsida.

  1. Gjer undersøkingar, og set saman minst eitt forslag per virtualiseringstype på løysingar som kan leigast på nettet i dag. Forslaga må ha detaljert informasjon om kva kapasitet og kva eventuelle ulemper den virtuelle løysinga har, og kva som er den forventa månadsprisen. Kva vil du tilrå?
  2. Gå ut frå at arbeidstida di kostar 600 kroner per time, og at oppsett av IaaS-løysingar vil ta 20 arbeidstimar. PaaS-løysingar vil ta 15 arbeidstimar, og SaaS-løysingar vil ta 10 arbeidstimar. Legg òg til to års leigetid for plattformene du har foreslått. Kva løysing vil du no tilrå?

Ekstraoppgåve

  1. I den førre oppgåva fann du prisar for skytenester gitt i pris per månad. Dette er oversiktleg, men kanskje ikkje det billegaste? Eit mykje brukt argument for skytenester er at ein betaler for faktisk brukt kapasitet. Det er noko alle dei store skyleverandørane tilbyr, og dei fleste har kalkulatorar for å rekne det ut.

    Finn eit par leverandørar, og rekn ut kostnad for ein server med 1 vCPU, 2 GB RAM og minst 10 GB SSD lagringsplass. Finn pris per månad både med fastpris og viss du har ei brukstid på 30 prosent av tida. Det blir tilrådd å teste ut ulike oppsett skyleverandøren tilbyr for å finne den beste prisen. Ta skjermbilete som viser kalkulatorkonfigurasjonen din.

    Døme på tenester med kalkulator er AWS Pricing Calculator eller Azure Price Calculator.

    NB: Amazon Lightsail er eit produkt som kan brukast til enkle oppsett av nettsider. Lightsail har ikkje moglegheit for betaling etter brukstid, berre fastpris. Det bør derfor ikkje brukast i denne oppgåva.

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 07.05.2021

Læringsressursar

Virtualisering av IT-ressursar