Problemstillingar om skytenester
Før du går i gang med spørsmåla under, bør du ha jobba med desse ressursane:
Når du bestiller skytenester, får du ofte velje kva datasenter som primært skal brukast. Kvifor er valet av plassering viktig?
Ei oppstartsbedrift er i ferd med å utvikle ei ny app-teneste dei meiner mange kan ha bruk for, og som ikkje eksisterer i marknaden. Kva fordelar og eventuelle feller er det ved å velje å bruke skytjenester gjennom utvikling og drift av tenesta?
Ei bedrift med fire hundre tilsette har ti serverar og 400 TB med data. Bedrifta ønsker å gå over til skya. Kva utfordringar er det realistisk at bedrifta møter i overgangen til bruk av skytenester?
Fiberkabelen som leverer internett til ei bedrift blir ved eit uhell graven over. Dei tilsette i bedrifta bruker hovudsakleg skytenester i arbeidet sitt. Kva problem vil fiberbrotet føre med seg, og kva kan gjerast på kort sikt for å redusere konsekvensane?
Ei bedrift har hatt driftsmiljøet sitt i skya over fleire år. No ønsker leiinga å gå tilbake til lokal serverdrift. Kvifor kan dette vere problematisk i praksis?