Forskjellige typar skytenester
Datatilsynet definerer skytenester på følgjande måte:
Skytjenester (cloud computing) er en samlebetegnelse på alt fra dataprosessering og datalagring til programvare på servere som er tilgjengelig fra eksterne serverparker tilknyttet internett.
Tidlegare var det vanleg at bedrifter hadde sine eigne serverar. Desse hadde naudsynleg lagringsplass, arbeidsminne og prosessorkraft til å drifte tenestene som trongst i bedrifta. Serverane var plasserte på serverrom i lokala til bedrifta, og lokalt IT-personell tok seg av oppsett og drift av utstyret. Denne praksisen var naudsynleg fordi Internett ikkje var like raskt og tilgjengeleg som i dag, og berre lokale datanettverk kunne gi den farta og kapasiteten som trongst for å få fram data til klientmaskinene i bedrifta innan ei rimeleg tid.
I dag er rask internettilgang vanleg, og mange arbeider ikkje i dei fysiske lokala til bedrifta. Dermed har behovet for å ha serverane internt i bedrifta vorte redusert. Dette opnar for moglegheita til å droppe eigne serverrom og heller plassere eige utstyr hos eit datasenter (co-location). Det går òg an å droppe å ha eiga maskinvare og heller leige tilgang til virtuelle maskiner, system eller tenester (IaaS, PaaS og SaaS).
Skyleverandørene som tilbyr skytenester, har store klyngjer av serverar i datasenter rundt omkring i verda. Dette gir god feiltoleranse og mange moglegheiter for fleksibilitet. Som kunde er det likevel ikkje sikkert du veit nøyaktig kvar dataa dine fysisk er lagra, eller kvar tenester blir leverte frå. Dette kan ha nokre ulemper.
I filmen under kan du lære om kvar av dei vanlegaste kategoriane av skytenester.
Vi har serverar fordi vi ønskjer å levere tenester til brukarane. Dette kan vere tenester som berre skal vere tilgjengelege internt i ei bedrift (som AD, økonomisystem, intranett), eller som ligg ope for alle på Internett (som nettsider).
Som IT-personell er målet vårt at tenestene skal vere tilgjengelege og i drift. Alt som trengst for at tenesta skal fungere, som infrastruktur, maskinvara, operativsystem og til og med programvara tenesta køyrer på, kan vi velje å setje bort drifta til. Dette er essensen med innkjøp av skytenester. Kor mykje av dei underliggjande systema kjenner vi at vi treng å ha kontroll på, og kva kan vi setje bort til andre? Er det til dømes viktig for oss at vi styrer når operativsystem blir oppdaterte, eller kan skyleverandøren få dette ansvaret?
I modellen under blir dei vanlegaste kategoriane skytenester vist (med unntak frå "on-site" som ikkje er skybasert).
Komplett tenestedrift inneber ansvar for alle aspekt av drifta, slik du ser i biletet over under "on-site". Dette krev høg IT-ekspertise og jamleg oppfølging. For mange er dette ikkje praktisk, og det gjeld spesielt små bedrifter. Alternativet med å la ein skyleverandør ta over ein del av dette ansvaret kan derfor vere ei god løysing. Skyleverandøren leverer tenester til mange kundar. Dei kan dermed spesialisere seg på slike driftsoppgåver. Sentrale delar av infrastrukturen deira vil òg vere identiske for alle kundane deira, noko som gjer at feil lettare blir funne og raskare retta.
Sidan drifta no avheng av ein ekstern aktør, er det heilt avgjerande at denne er påliteleg. Her er det viktig å sjekke opp erfaringane og historikken til skyleverandøren. Har skyleverandøren hatt lengre periodar med nedetid eller sikkerheitsbrot tidlegare? Har dei mista kundedata? Det er òg viktig at avtalen mellom bedrift og skyleverandøren er tydeleg på kva skyleverandøren skal levere, til dømes sikkerheitskopiløysingar i tilfelle eit datasenter går ned.
Virtualisering skil operativsystem, programvare og tenestene frå dei fysiske serverane dei køyrer på. Dette gjer at ei teneste kan flyttast mellom maskinvare utan at omkonfigurering av tenesta er naudsynleg. Dette gjer opp- og nedskalering av kapasitet enkelt. Ein skyleverandør kan ha tusenvis av serverar fordelte på datasenter rundt omkring i verda. Kundane til skyleverandøren vil ha ulike behov til ulike tidspunkt, og serverkapasiteten kan derfor skalerast opp og ned til dei ulike kundane etter behov. Dette gjer at serverar blir brukte effektivt, og kunden betaler berre for den kapasiteten som faktisk blir brukt.
Datatilsynet (2018, 23. juni). Skytjenester. https://www.datatilsynet.no/personvern-pa-ulike-omrader/internett-og-apper/skytjenester/