Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forteljingar om urfolk

Vel deg ut eit urfolk som du vil lære deg meir om. Korleis lever dei, kva for kampsaker har dei, og kva for filmar og bøker er laga om dei?

Filmen Rabbit-Proof Fence (2002), av den australske regissøren Philip Noyce, handlar om tre aborigin-jenter i Australia som blir bortførte frå familien sin på 1930-talet. Jentene blir tekne av australske myndigheiter og plasserte på ein anstalt for å lære seg å bli «ekte australiarar». Dette var noko som skjedde med tallause aborigin-barn heilt fram til 1970-talet. Filmen er basert på boka Follow the rabbit-proof fence av Doris Pilkington Garimara.

Rabbit-Proof Fence er saman med filmar som Whale Rider, En gang var vi krigere (Once We Were Warriors) og Sameblod eksempel på filmar som på ulikt vis, og med ulikt perspektiv, skildrar korleis urfolk lever, og korleis dei har kjempa for å behalde språket sitt, landområda sine og den tradisjonelle levemåten sin.

Forteljingar om urfolk

Vel deg først ut eit urfolk som du ønskjer å studere nærare. Dette kan for eksempel vere aboriginane i Australia, inuittane på Grønland, maoriane på New Zealand eller eit amerikansk urfolk.

a) Korleis lever dei?

b) Kva er dei viktigaste kampsakene deira?

c) Kva for filmar og bøker er laga om dei, og kva handlar dei om?

d) Er det nokon innanfrå eller utanfrå urfolksgruppa som har laga filmane eller bøkene?

e) Korleis trur du denne urfolksgruppa vil leve om 30 år?

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 18.01.2023

Læringsressursar

Samiske filmstudieark