Hopp til innhald

Kortfilm

Rebel (Bihttoš)

Rebel (Bihttoš) er ein eksperimentell, poetisk dokumentarfilm som blandar fargerike animasjonar, rekonstruksjonar og arkivmateriale. I filmen analyserer Tailfeathers sitt eige forhold til den samiske faren sin.

Om filmen

Filmen begynner med historia om korleis faren møtte mora hennar, som tilhøyrer urfolksgruppa blackfoot, og vidare om korleis romansen mellom dei vart påverka av faren sine psykiske problem.

Tailfeathers ønskjer å undersøkje kva som gjekk gale i ekteskapet til foreldra. Kva er det eigentleg med faren som har gjort han så deprimert at han på eit tidspunkt vurderte å ta livet sitt?

Faren sine problem viser seg å vere knytte til hendingar i barndommen som mange andre samar i hans generasjon også har opplevd.

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 21.06.2019

Læringsressursar

Samiske filmstudieark