Analyser Rebel (Bihttoš) - NDLA film - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Analyser Rebel (Bihttoš)

Dokumentarfilmen til Elle-Máijá Tailfeathers nyttar ulike teknikkar som animasjon, gamle fotografi og rekonstruksjonar. Filmen handlar om filmskaparen sin eigen familie og beskriv korleis det er å vekse opp med foreldre som tilhøyrer to ulike urfolks-grupper; den samiske og den blackfoot-indianske.

Sjå først filmen Rebel (Bihttoš). Bruk deretter denne skrivemalen når du jobbar med filmanalysen.

Skrive av Anne Cathrine Andersson, Ragna Marie Tørdal og Sissel Stokkedal.
Sist fagleg oppdatert 22.01.2019