Hopp til innhald
Fagartikkel

Filmskapar Elle-Máijá Tailfeathers

Elle-Máijá Tailfeathers er både filmskapar og skodespelar. Ho er halvt blackfoot-indianar og halvt samisk, ein bakgrunn som ofte blir spegla av i filmane hennar.

Elle-Máijá Tailfeathers

Ho begynte filmkarrieren sin i 2011 med den eksperimentelle kortfilmen Bloodland. Filmen vart laga som ein protest mot at oljeselskap skulle starte oljeboring i blackfoot-indianarane sine landområde. Etter denne filmen har ho laga ei rekkje andre filmar innan fleire ulike sjangrar som fiksjon, dokumentar, mokumentar og musikkvideo.

Samisk og blackfoot

Far til Tailfeathers er norsk same, medan mora er blackfoot-indianar frå Kainai First Nation. Kainai-stammen er også kjend som «the Blood Tribe» eller «Kainaiwa». Dei er ein del av Blackfoot-samanslutninga som består av tre indianarstammar: siksikáwa, kainai og pieganarar. Blackfoot-indianarane held til i Alberta, Canada, dei livnærte seg opphaveleg av bøffeljakt og er blant anna kjende for den seremonielle og heilage soldansen sin.

Urfolkstematikk

Filmane til Tailfeathers handlar ofte om samfunnsproblem og urettferd knytte til urfolkstematikk. Filmane har vore viste på festivalar fleire stader i verda, som for eksempel filmfestivalen i Berlin, Vancouver International Film Festival, imagineNATIVE Film and Media Arts Festival, Seattle International Film Festival og Tromsø internasjonale filmfestival (TIFF).

Relatert innhald

Kjeldemateriale
Rebel (Bihttoš)

Eksperimentell dokumentarfilm laga av filmskapar Elle-Máijá Tailfeathers. Filmen handlar om Tailfeathers' eiga familiehistorie.