Hopp til innhald

Dokumentarfilm

iHuman

Er kunstig intelligens det beste som har skjedd menneska – eller det verste? Dette er hovudspørsmålet i dokumentaren iHuman frå 2019.

Om filmen

Dei siste åra har verda gjort seg avhengig av meir og meir teknologi. Amazon, Google og Facebook er mektigare enn nokon andre selskap har vore opp gjennom historia.

Snart har ein utvikla kunstig intelligens som er så intelligent at han kan lære seg nye ting og vidareutvikle seg sjølv. Dette kallast kunstig generell intelligens (KGI). På sikt kan dette gjere oss menneske overflødige.

I filmen får vi møte fleire ekspertar på utviklinga av kunstig intelligens. Nokre av dei ser lyst på framtida, medan andre er bekymra over kva som ventar oss.

Etiske dilemma

Menneska står overfor ei rekkje etiske dilemma knytte til ny teknologi og kunstig intelligens.

Den teknologiske utviklinga opnar på den eine sida for nye og positive moglegheiter, medan det på den andre sida òg kan gå riktig gale.

Det er dette denne skremmande dokumentar-thrilleren handlar om.

Relatert innhald


CC BY-SASkrive av Tina Andersson og Ida Marie Stokkelien. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 22.01.2021

Læringsressursar

Teknologi og etikk