Hopp til innhald

Dokumentarfilm

Drone

Den norske dokumentarfilmen Drone handlar om USA, og då særleg CIA, sin bruk av dronar i krigføring.

Om filmen

Dronar blir rekna som billige og effektive våpen. Samstundes er det vanskeleg å forsvare bruk av dronar i krig når vi ser prisen som dei sivile krigsofra må betale. I filmen møter vi menneske som lever i konstant frykt for droneåtak. Lyden frå dronane er nesten alltid til stades, bortsett frå når det er overskya og dronane står på bakken. Vi får også vite korleis det er å vere dronepilot i Nevadaørkenen i USA.

Livet som dronepilot

Eitt klikk på joysticken er alt som skal til for å skilje død frå liv. Moderne krigføring har fleire ting til felles med dataspel, og rekruttering av unge pilotar skjer gjerne på spelmesser. Tidlegare dronepilot Brandon Bryant fortel i filmen om korleis det var å jobbe som dronepilot i det amerikanske forsvaret. Han omtalar dronepilotar som dei ultimate kikkarane, som ingen kan ta på fersken. Frå ein bunker under bakken overvaka han og andre dronepilotar menneske på andre sida av jordkloten, i Pakistan, Afghanistan og fleire land i Midtausten.

Prisløna dokumentarfilm

Drone vann Amanda for beste norske dokumentar i tillegg til The Most Valuable Documentary of the Year under Cinema for Peace Gala i Berlin i 2015. Han vann same år også Beste norske dokumentar under Bergen internasjonale filmfestival (BIFF). Filmteamet har samarbeidd med The Guardian, og filmen er seld til ti land. Han blei dessutan teken ut til både CPH:DOX og verdas største dokumentarfilmfestival IDFA.

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 26.08.2020

Læringsressursar

Teknologi og etikk