Lamborghini: The Man Behind the Legend
Om filmen
Handlinga startar i den vesle italienske byen Cento i tida etter den andre verdskrigen.
Ferruccio Lamborghini, hovudkarakteren i filmen, har tenestegjort som mekanikar i hæren. Etter at krigen er slutt, reiser han heim til kjærasten Clelia og familiegarden, med store planar om å byrje å produsere traktorar saman med kompanjongen Matteo.
Filmdetaljar
År: 2022
Varigheit: 1 time og 37 minutt
Manus og regi: Bobby Moresco
Skodespelarar: Frank Grillo, Mira Sorvino, Gabriel Byrne
Opphavsland: Italia, USA
Kappløp med Ferrari
Ferruccio møter uventa utfordringar på vegen mot målet. Privatlivet blir prega av tragedie. Først døyr kona i barsel, og ikkje lenge etterpå tek vennskapen med Matteo slutt.
Trass i motgangen held Ferruccio fram å følge draumane sine. Han oppnår suksess med traktorane, og utover på 1960-talet ønsker han å utfordre den legendariske bilprodusenten Ferrari. Dermed byrjar det historiske kappløpet mellom Lamborghini og Ferrari.
Tematikk
Lamborghini fortel ikkje berre den fascinerande historia om livet til ein av Italias mest ikoniske bilprodusentar. Filmen utforskar òg tema som motgang, entreprenørskap, det å tore å følge eigne draumar og kva konsekvensar suksess kan ha for personlege relasjonar.
Filmen tek oss med til Italia i etterkrigstida og gir eit innblikk i den teknologiske utviklinga til bilindustrien. I skulesamanheng kan filmen mellom anna vere relevant for teknologi- og industrifag og for arbeid med dei tverrfaglege temaa folkehelse og livsmeistring og berekraftig utvikling.