Hopp til innhald

Spelefilm

Marjorie Prime

Kan kunstig intelligens hjelpe oss menneske gjennom livskriser? Dette er eit av dei store spørsmåla i filmen Marjorie Prime. Vi er i ei nær framtid der ny teknologi har gjort det mogleg for menneske å ha samtalar med kopiar av avdøde familiemedlemmar.

Om filmen

Marjorie Prime er ein amerikansk spelefilm frå 2017, regissert av Michael Almereyda. Handlinga i filmen er basert på eit teaterstykke med same namn og tek stad i ei tid då kunstig intelligens og bruken av hologram, ei form for fotografi som viser motivet tredimensjonalt, er ein del av kvardagen.

I starten av filmen blir vi kjende med 85 år gamle Marjorie i den siste tida av livet hennar. Ho har byrja å utvikle alzheimer og gløymer stadig meir.

Dottera Tess og svigersonen Jon har skaffa henne eit dataprogram som heiter Prime. Gjennom dataprogrammet får Marjorie besøk av eit hologram (i filmen kalla primærkopi) av den avdøde ektemannen hennar, Walter. Marjorie fortel om livet sitt til Walter. På denne måten kan Walter minne henne på ting som har hendt før, når ho sjølv ikkje lenger er i stand til å hugse dei.

Etiske problemstillingar

I filmen møter vi fleire primærkopiar av menneske som har gått bort og som dei ulike karakterane i filmen har hatt eit nært forhold til.

Primærkopiane lærer gjennom å ha samtalar med familiemedlemmar eller andre som har hatt eit nært forhold til dei. Dei kan til dømes lære korleis dei ville reagert emosjonelt i ulike situasjonar, kva slags musikk dei likte, om dei smilte mykje, korleis dei snakka og korleis dei oppførde seg mot familie og vener. Primærkopiane har òg moglegheit til å lære av kvarandre. På denne måten kan dei bli ein stadig meir truverdig kopi av den personen dei skal førestille.

Filmen reiser viktige etiske spørsmål om utviklinga av kunstig intelligens. Kan eit slikt dataprogram gi oss menneske støtte og medkjensle i krisesituasjonar, eller kan det derimot skape falsk tryggleik og gjere kriser vanskelegare å handtere? Det kan òg vere interessant å reflektere over korleis ein slik røyndom kan ta vare på personvernet til dei faktiske menneska som har levd, etter at dei held fram med å leve gjennom eit dataprogram.

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 15.04.2021

Læringsressursar

Teknologi og etikk