Hopp til innhald

Fagstoff

Dei første menneska i Noreg

Isen over Nord-Europa begynte å smelte for ca. 15 000 år sidan. Først blei det isfritt langs kysten, og sidan innover i landet. Dei siste spora frå istida ligg her endå i form av 2500 store og små isbrear.
Ein arm av ein isbre som strekk seg nedover langs ei fjellside, ned mot fjorden. Toppen av fjellet er snøkledd, mens fjellsidene nedover har vegetasjon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Doggerland

Mykje av det som i dag er havbotnen i Nordsjøen, låg over havnivået for omtrent 12 000 år sidan. Historikarar i dag kallar det Nordsjølandet eller Doggerland. Då isen smelta og Noreg heva seg etter istida, gjorde store mengder smeltevatn at Doggerland kom under vatn.

Dei første menneska i Noreg

Dei første spora av menneske i Noreg er omtrent 11 000 år gamle. Dei første menneska kom kanskje frå Nordsjøland. Dei kan ha kryssa den smale Nordsjørenna, som skilde fastlandet i sør frå det som i dag er Noreg. Dei kan også ha kome landvegen via det som i dag er Danmark og Sverige. Kysten var isfri der også. Eit tredje alternativ er at dei første menneska kom austfrå og vandra inn i Nord-Noreg frå det som i dag er Finland og Russland. Den isfrie kysten gjorde at ein etter kvart kunne busetje seg langs heile landet. Isen dekka framleis det meste av innlandet og trykte det ned. I dag ligg desse buplassane høgt over havnivå. Heile landet heva seg då den tunge kappa av is som hadde pressa landet ned, smelta. Difor kan vi finne gamle kystbuplassar langt inne på land i dag.

Jegarar og sankarar

Dei første menneska i Noreg var jegerar og sankarar. Det var truleg det rike fisket og jakt på sjøfugl og sel som lokka dei til det nye landet. Det er også tenkeleg at dei første menneska følgde flokkar av rein som vandra hit. Det er usikkert om dei tidlegaste buplassane arkeologane har funne, har blitt brukt av folk som budde fast i Noreg. Det kan også dreie seg om jaktlag som kom hit då det var sesong for det og var andre stadar på andre tider av året.

”Nordmenn” eller ikkje, bufaste var desse menneska truleg ikkje. Stammane av jegerar og sankarar var stadig på vandring, på jakt etter mat. Difor er det ikkje overraskande at dei også flytte seg innover i landet etter kvart som isen smelta. Det er funne spor etter menneske i norske fjellområde frå ca. 8.000 år f.Kr. Men det skulle endå gå lang tid før nordmennene blei bufaste og begynte å dyrke jorda.

Relatert innhald

Førhistorisk tid vert ofte delt inn etter nokre av materiala menneske på den tida brukte, stein, bronse og jern.

Animasjon om steinalderen. Steinteknologien gjorde at dei første menneska i Noreg kunne bruke stein til å lage reiskap til jakt og fiske.

CC BY-SASkrive av Magnus Sandberg. Rettshavar: Sandberg KANALT
Sist fagleg oppdatert 28.09.2020

Læringsressursar

Tidlege samfunn