Hopp til innhald
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Stein, bronse og jarn

Førhistorisk tid vert ofte delt inn etter nokre av materiala menneske på den tida brukte. Sidan det meste rotnar når det har gått nokre hundre år, blir det som framleis finst, ekstra verdfullt når vi prøver å forstå fortida.

FooterHeaderIconFooter iconLK20FooterHeaderIconFooter iconLK06
Arkeologisk funn av 8400 år gammelt redskap fra steinalderen. Foto.

Steinalderen, bronsealderen og jernalderen

Frå den tidlegaste tida vi har spor frå, finn vi nesten berre reiskapar av stein. Difor kallar vi den steinalderen. Steinalderen varte i mange tusen år. Etter at menneska lærde kunsten å lage og bruke metall, vart fleire og finare ting tekne vare på. Metall er ikkje like haldbart som stein, men arkeologane har funne metallobjekt som er omtrent 5000 år gamle. Det første metallet som blei viktig for mange menneske, var bronse. Perioden der bronse var viktigast, vert kalla bronsealderen. Seinare lærde menneske seg å støype reiskapar og våpen av jarn. Denne tida kallar vi jernalderen.

Den eldste historia vert tradisjonelt delt i desse tre: Steinalderen, bronsealderen og jernalderen. Med ei slik inndeling følgjer også ein tendens til å fokusere på teknologi når vi fortel historia. Kanskje er ikkje det viktigaste med steinalderen at folk brukte steinreiskapar? Kanskje ville det vere meir interessant å undersøke kosthald, eller sosiale relasjonar, eller religiøse førestillingar? Forskarar interesserer seg for alle desse spørsmåla. Men spora dei har å byggje forståinga si av dette på, er altså i hovudsak laga av stein.

Arkeologar vs historikarar

Dei som er ekspertar på å tolke fortida på grunnlag av ting dei finn i jorda, vert kalla arkeologar. Dei støttar seg på mange andre fagfelt i arbeidet sitt. T.d. vil geologar kunne bidra med ekspertise om steinartar sitt opphav og eigenskapar, zoologar vil kunne analysere beinrestar frå dyr, og botanikarar kan kjenne att frø og pollen frå ulike planter. Men arkeologen er fortidshistorikaren som set saman kvart enkelt funn til eit bilete av korleis menneske levde i fortida.

Historikaren jobbar først og fremst med tekst, og har dermed ei avgrensa rolle i forskinga på forhistorisk tid. Sjølv om skrift vart funne opp mange tusen år før Kristus, slik at det finst noko skriftleg materiale også i forhistorisk tid (t.d. Hamurabi sine lover eller dei egyptiske hieroglyfane), tek hovuddelen av historikaren sitt arbeid til når det blir fleire skriftlege kjelder å arbeide med.

Sist oppdatert 25.09.2017
Skrive av Magnus Sandberg
Rettshavar: Sandberg KANALT

Læringsressursar

Tidlege samfunn