Hopp til innhald

Fagstoff

Frå organisert jordbruk til sivilisasjon i Mesopotamia og Egypt

Eit avansert jordbruk trengde organisering, og jordbruksoverskot skapte rikdom – som både måtte fordelast og forsvarast. Dette var viktig for utviklinga av den første sivilisasjonen i Mesopotamia.
Seks figurar måla på ein vegg i gammal egyptisk stil. To av dei ber hovudplagget til faraoen og to av dei er kledde i kvitt og ber ein stav. Den siste figuren er guden Anubis med menneskekropp og hovudet til ein sjakal. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sumerarane

Dei første som utvikla ein sivilisasjon i Mesopotamia var sumerarane. Sidan elveslettene i Mesopotamia ikkje hadde noko naturleg vern, bygde dei byar med bymurar for å kunne forsvare seg mot fiendar. Dei sumeriske bystatane Ur og Uruk vart grunnlagde på denne tida.

I bystatane vart det utvikla ny teknologi og vitskap, for å forstå og løyse utfordringane samfunnet sto framfor. Sumerarane forska på astronomi for betre å kunne føresjå flaumar og andre naturfenomen. Dei utvikla nye metallegeringar til våpen og reiskapar i jordbruket. Og hjå sumerarane i Mesopotamia var ein av stadane der dei fann opp hjulet.

Rundt septerhovud av marmor med inngraveringar.  Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skriftspråk

Det var også sumerarane som utvikla det første kjende skriftspråk. Det var samansett av bilete som vart rissa inn på leirtavler. Bevarte leirtavler viser at skrifta hadde ulike funksjonar: Den vart brukt for å halde orden på handelsavtalar, varelister og skatteinnkrevjing. Det vart også laga kalendrar som skulle føreseie flaumar, og mytar og historier vart skrivne ned. Skrivekunsten var med på å effektivisere administrasjonen av byane, men også til å konsolidere makta, sidan det var få som kunne denne kunsten.

Tenk over

Vårt språk er alfabetisk. Vi brukar bokstavar som har ein viss lyd, og ved å setje dei saman vert det laga ord. Sumerarane brukte biletsrpåk - kva andre spåk i dag, er biletspråk?

Den egyptiske sivilisasjon

Den egyptiske sivilisasjon vaks fram under andre føresetnader enn den sumeriske. Egypt var omringa av ugjestmild ørken, og fråvere av truslar frå naboar, gjorde at dei lenge ikkje trengde ein hær. Frakt av varer og menneske på elva, gjorde det lett å drive handel og administrasjon av riket, og store funn av gull gjorde at det kom handelsmenn til Egypt, både frå Mesopotamia og andre stadar.

Desse faktorane gjorde Egypt til eit rikt og sentralisert land. På same måte som sumerarane, var egyptarane opptekne av å halde seg inne med gudane. Herskaren i landet, Farao, var sjølv ein gud. Han hadde det guddommelege ansvaret for at Nilen fløymde over kvart år, og når jorda sto under vatn jobba bøndene med å byggje pyramiden Farao skulle flytte inn i etter at han var død.

Medan sumerarane sin sivilisasjon gjekk under som følgje av invasjon utanfrå, var det ei aukande misnøye med den dyre døds-kulten som gjorde det slutt på Faraoane sitt maktmonopol, og at Egypt si blomstringstid etter kvart gjekk mot slutten.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Magnus Sandberg. Rettshavar: Sandberg KANALT
Sist fagleg oppdatert 22.09.2017

Læringsressursar

Tidlege samfunn