Elvekulturane i Mesopotamia og Egypt - Historie (vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Elvekulturane i Mesopotamia og Egypt

Ein viktig føresetnad for dei framveksten til dei første sivilisasjonane, var elvane. Sikker vassforsyning heile året, og sesongperiodar med høg og låg vasstand, var med på å sikre jordbruksoverskotet og avgjorde korleis samfunna vart organisert.

I Mesopotamia og Egypt var dette spesielt tydeleg. Begge desse områda er elvesletter. Det vil seie at landskapet rundt elva er flatt og lågt. Elvesletter kan dermed bli utsett for flaum om vasstanden i elva stig meir enn normalt.

Mesopotamia

Mesopotamia er det greske namnet på området mellom elvane Eufrat og Tigris i det som i dag er Irak. Det var her jordbruket oppstod. Området er tørt store deler av året, og det var nødvendig å grave kanalar for å sikre nok vatn på jorda. Men om hausten gjekk elvane over breiddene, og fløymde ut over den dyrka marka. Dermed vart elva både ein føresetnad for kulturen som vaks fram, og ein trussel mot den. Bøndene som brukte deler av året på å grave kanalar for å leie vatn inn på jorda, brukte andre deler av året på å byggje demningar mot flaumvatnet.

Egypt

Egypt ligg ved munningen av Nilen. Også her fløymde det årleg vatn ut over elvesletta, og la att slam som det var fruktbart å dyrke i. Flaumane i Nilen var meir føreseielege enn dei i Eufrat og Tigris. Difor trengde dei ikkje på same måte vatningssystem og flaumvern i Egypt som i Mesopotamia. Dessutan var den fruktbare Nildalen omringa av ørken, der det budde få menneske. Difor trengde ikkje Egypt organisere eit forsvar på same måte som dei som budde i Mesopotamia.

Det at både jordbruk og annan samfunnsorganisering var meir krevjande i Mesopotamia enn i Egypt, kan vere årsaker til at samfunna utvikla seg ulikt.

Gilgamesj og Noas ark

Gamle forteljingar om flaumar, som helteeposet Gilgamesj og bibelen si forteljing om Noas Ark, stammar frå dette området. Det er rimeleg å tru at dei årvisse flaumane i Eufrat og Tigris er utgangspunkt for desse forteljingane.

Gilgamesj er eit sumerisk og babylonsk epos som handlar om den legendariske kong Gilgamesj av Uruk. Eposet blei skrive ned rundt år 2000 f.Kr., om lag 800 år etter kong Gilgamesj si regjeringstid. Berre delar av eposet har blitt funne, på leirtavler i ruinbyen Ninive.

Sin-leqi-unninni, ein prest som levde i Babylonia om lag 1400 f.Kr., er forfattaren til den best bevarte versjonen av Gilgamesj-eposet. Han er dermed den eldste episke forfattaren ein kjenner namnet på.

(Barstad & Groth, 2023) og (Franks, 2023)

Kjelder

Barstad, H.M. & Groth, B. (2023, 1. juni). Gilgamesh. I Store norske leksikon. https://snl.no/Gilgamesh

Franks, D. (2023). Sin-Leqi-Unninni, The Epic of Gilgamesh. Abigail Adams Institute. https://www.abigailadamsinstitute.org/sin-leqi-unninni-the-epic-of-gilgamesh

Relatert innhald

Fagstoff
Tidlege sivilisasjonar

Jordbruksoverskotet opna for at nokre i samfunnet kunne spesialisere seg, og det la grunnlaget for yrke og ein pengeøkonomi.

Skrive av Magnus Sandberg. Rettshavar: Sandberg KANALT
Sist fagleg oppdatert 06.11.2024