Internkontroll – mat
All mat som blir servert eller seld i Noreg, skal vere helsemessig trygg. For å sikre dette har Mattilsynet utarbeidd eit regelverk. Dette regelverket skal gjere det lettare for bedrifta å ha kontroll på at maten dei serverer, er trygg.
Internkontroll er dei rutinane vi lagar for å sikre ei god styring. Alle som jobbar med å produsere eller selje mat, er ansvarleg for at regelverket blir overhalde.
Forskrift om internkontroll for å oppfylle næringsmiddellovgivningen blir til dagleg kalla IK-matforskrifta, og denne er ein nyttig reiskap i arbeidet med å systematisere og kvalitetssikre matproduksjon. Mattilsynet er ein viktig samarbeidspartnar for å sikre helsemessig trygg mat. Mattilsynet har til kvar tid eit oppdatert og vedteke regelverk.
I fleire ulike lover og forskrifter er det reglar om at produksjon, produkt og tenester skal oppfylle ulike krav. Den forskrifta som regulerer krava til reinhald, heiter forskrift om næringsmiddelhygiene, hos blir òg kalla hygieneforskrifta.
Formålet med hygieneforskrifta er å sikre den hygieniske kvaliteten på næringsmidla og å førebygge produksjon og omsetning av helseskadelege næringsmiddel. Korleis vi får lokala reine og i god stand, blir opp til deg og bedrifta å setje i system. Alle bedrifter skal ha eit internkontrollsystem for å sikre at dei følger lover og forskrifter. I internkontrollen skal det stå
- kva som skal gjerast reint
- kor ofte det skal reingjerast
- kven som skal gjere arbeidet
- kva reingjeringsmiddel som skal brukast
- kva metodar og reiskapar som skal brukast
om det er nødvendig med verneutstyr, og eventuelt kva for noko