Overvake kritisk styringspunkt
For kvart einskilt kritisk styringspunkt må ein lage ein skriftleg rutine for å sikre at kritisk grense blir overhalden. Dette skal rutinen innehalde:
Kven
Det må tydeleg skildrast
- kven som skal gjennomføre kontrollen
- kven som skal vere nestansvarleg
- kven ein skal rapportere til dersom kontrollen viser at kritisk grense er overskriden
kven som skal kontrollere at overvakinga er gjennomført, og signere på overvakingsskjemaa
Både ansvarleg og nestansvarleg må ha gjennomført nødvendig opplæring.
Korleis
Rutinen må òg seie
- korleis kontrollen skal gjennomførast
- kva utstyr som skal brukast til kontrollen
korleis utstyret skal kontrollerast eller kalibrerast
Det er viktig at det er praktisk mogeleg å gjennomføre overvakinga, slik at kontrollane faktisk blir utførte.
Når
I tillegg må det gå fram av rutinen om kontrollane skal gjennomførast kontinuerleg eller med ein fastsett frekvens.
Ved frekvens må det ikkje gå lengre tid mellom kvar måling enn at alle varer frå førre måling framleis er under kontroll ved den neste. Dersom ei måling viser at kritisk grense er overskriden, må alle varer som er produserte sidan den førre målinga, reknast som utrygge.
Dokumentasjon
Overvakinga av kritiske styringspunkt må dokumenterast nøye. Dokumentasjonen skal bevise at produktet er innanfor kritisk grense.
- Sjølve overvakinga skal registrerast i eit dokument.
- Registreringane skal underskrivast av den som utfører overvakinga.
- I tillegg skal ein person regelmessig kontrollere at overvakinga er gjennomført, og føre dette i skjemaet.
- Dokumentasjon på at utstyret er kontrollert eller kalibrert, bør òg vere tilgjengeleg.
Den kritiske grensa bør stå i registreringsskjemaet, slik at det er tydeleg om målingane er innanfor kritisk grense.
De bør sjølve definere kor lenge registreringane skal oppbevarast i bedrifta.
For kvart kritiske styringspunkt må de skildre korrigerande tiltak. Dei skal vere fastsette og skildra på førehand og må gjelde dei konkrete produkta. Det er ikkje tilstrekkeleg med ein generell rutine for avviksbehandling som gjeld for alle typar avvik.
Dette skal vere tydeleg skildra :
- Kva som omgåande skal gjerast med produkta dersom kritisk grense er overskriden.
- Kven ein skal rapportere til, og kven som har ansvaret for å følgje opp produkta som avviket gjeld.
Kven som skal gjennomgå og finne årsaka til avviket og eventuelt gjere endringar slik at den same feilen ikkje skjer igjen.
Alle avvik frå kritisk grense skal dokumenterast. Ein skal skildre kva som har skjedd med produkta, og kva for korrigeringar som er gjorde.