Hopp til innhald

Fagstoff

Fritering

Du har sikkert opplevd lukta av frityr frå eit gatekjøkken eller ein restaurant. Tanken på noko som er sprøtt og varmt, får fram matlysta. Du kan nytte fritering til fleire råvarer enn du kanskje trur.

Fritering eller det å koke i feitt med høg varme har eksistert i mange år. Smultgryta som vi nyttar når vi lagar smultringar, har lange tradisjonar.
Fritering har vorte sett på som ein av dei vanlegaste koketeknikkane over heile verda. Dei fleste matkulturar verda over har retter som kjem inn under teknikken fritering.

Riktig temperatur og feitt

Fritering skjer som oftast i olje. Då må vi velje ei olje som toler høg temperatur. Rapsolje og solsikkeolje er oljer som eignar seg til fritering. Vi kan òg nytte animalsk feitt til fritering. Smultfeitt er laga av feittet på grisen.

Bruk riktig temperatur, mellom 180 og 200 grader. Om du friterer på lågare temperatur, vil produktet trekkje til seg mykje feitt fordi det tek lengre tid. Kort tid i varm frityr er altså det ideelle for å oppnå ønskt resultat. For høg temperatur kan føre til at produktet blir brent utanpå og rått innvendig.

Dei tre metodane for fritering er:

  • fritering naturell
  • fritering av råvare som er dyppa i frityrrøre
  • fritering av panert råvare eller råvare pakka inn i deig
Eit stykke fisk dyppa i frityrrøre blir steikt i ein frityr. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Viktige råd for fritering

Du må tenkje tryggleik når du friterer. Frityrolja kan ta fyr og dermed starte ein brann. Ha alltid eit lokk eller ullpledd/brannteppe tilgjengeleg når du friterer. Om frityren tek fyr, legg på lokket/teppet, og brannen blir kvelt i mangel på oksygen. Du må aldri prøve å sløkkje brannen med vatn, då dette fører til eksplosjon og alvorlege skadar.

Friterer du i ei gryte, pass på å ha ei stor nok gryte som du maks fyller halvfull før du byrjar å friterer. Det same gjeld ein frityrkokar, ikkje fyll meir olje enn vist på frityrkokaren.

Når du friterer naturelle ting, må dei vere godt tørka. Vatn eller anna væske i olje gjer at det sprutar og kan koke over.

Bruk stålreiskap som er eigna for høg temperatur. Hald avstand og bruk reiskap med langt skaft, slik at du kan halde deg lengst mogleg vekk frå den varme olja.

CC BY-SASkrive av Frode Selvaag.
Sist fagleg oppdatert 07.12.2020

Læringsressursar

Grunnleggjande tillagingsteknikkar