Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Tillagingsteknikkar

Å lage til ei råvare på riktig måte er avgjerande for å få ønskt konsistens, smak og utsjånad.
Biff med urter i steikjepanne. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I denne oppgåva skal de lage til råvarer på ulike måtar og vurdere kva som gir den beste smaken.

Klassen blir delt inn i tre grupper, og kvar gruppe får tildelt ei råvare: kjøt, fisk eller grønsak.

Oppgåve 1. Tillaging

Fisk

De skal lage laksefilet på tre ulike måtar:

  1. Pannesteiking: Steik laksefileten i varm panne med litt olje til han er gjennomsteikt.

  2. Steiking i omn: Steik laksefileten i forvarma omn på 160 gradar til han er gjennomsteikt.

  3. Koking: Trekk laksefileten i kasserolle eller dampomn til han er gjennomkokt.

Kjøt

De skal lage kyllingfilet på tre ulike måtar:

  1. Pannesteiking: Steik kyllingfileten i varm panne med litt olje til han er gjennomsteikt

  2. Steiking i omn: Steik kyllingfileten i forvarma omn på 160 gradar til han er gjennomsteikt.

  3. Koking: Kok kyllingfileten i kasserolle eller dampomn til han er gjennomkokt.

Grønsaker

  1. Pannesteiking: Del ein blomkål i bukettar. Steik bukettane i varm panne med olje til dei er møre.

  2. Steiking i omn: Steik ein heil blomkål i forvarma omn på 160 gradar til han er mør.

  3. Koking: Del blomkålen i bukettar. Kok bukettane i kasserolle eller dampomn til dei er møre.

Oppgåve 2. Evaluering av smak og konsistens

Lag ein buffé der de presenterer tillagingsmetodane for alle dei tre råvarene. Alle skal no smake på alt og vurdere smak og konsistens.

  1. Smak på dei tre ulike variantane av laks. Kva tillaging synest du gir best smak? Kvifor trur du det smaker best?

  2. Smak på dei tre ulike variantane av kyllingfilet. Kva tillaging synest du gir best smak? Kvifor trur du det smaker best?

  3. Smak på dei tre ulike variantane av blomkål. Kva tillaging synest du gir best smak? Kvifor trur du det smaker best?

  4. Av dei tre tillagingsmetodane de har nytta, kva gir produktet best konsistens og farge?

Ein heilbakt blomkål blir delt i to med ein kniv. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Einar Martin Kålen.
Sist fagleg oppdatert 21.06.2021

Læringsressursar

Grunnleggjande tillagingsteknikkar