Arbeidsoppdrag
Tillagingsmetodar for egg
Prøv ulike tillagingsmetodar for egg. Vurder kvaliteten på dei ferdige produkta og kva metode som gir best resultat.
- egg
- kjele
- steikjepanne
- tidsur
- salt
- vatn/mjølk
Finn ut kor lenge eit egg må kokast for å bli blautkokt eller hardkokt.
Kok eitt egg blautkokt og eitt egg hardkokt.
Korleis skal egg posjerast? Finn ut korleis dette skal gjerast, ved å sjå på videoen under Relatert innhald.
Posjer tre fine egg.
Omelett kan lagast på ulike måtar og med mange ulike smakar.
- Finn ei oppskrift på omelett, og lag ein omelett.
Vurder dei kokte egga, dei posjerte egga og omeletten.
- Korleis vart resultatet?
- Er det noko du gjorde feil eller kunne ha gjort annleis?
- Kva har du lært?
Hugs å gi opp koketida for dei kokte egga. Var dette som forventa?