Hopp til innhald

Fagstoff

Kjekt å vite om egg

Hugs egg! Pass på at du alltid har egg på kjøkkenet – då kan du alltid lage deg noko godt! Norske egg er like gode og like trygge å ete i fleire månader etter at dei har gått ut på dato, berre du har egga i kjøleskapet.

Trygge norske egg

I andre land er rå egg som inneheld sjukdomsframkallende salmonellabakteriar, eit problem. I Noreg har vi ikkje slike problem, og vi kan ete egg utan å vere redde for å bli sjuke. Dei aller fleste norske egg blir kontrollerte før dei går ut i butikkane. Egga blir då gjennomlyste, sorterte og stempla ved eggpakkeri. På eggekartongen til kontrollerte egg står det ein haldbarheitsdato. Egga blir sorterte i vektklassane små, mellomstore, store og ekstra store.

Lagre kjølig – men temperer før bruk!

Eit opna kjøleskap med egg og andre matvarer. Foto.

Egg bør lagrast kjølig, helst i kjøleskap. Då held dei seg i fleire veker, ja, eigentleg i fleire månader. Norske egg er like gode og like trygge å ete i fleire månader etter at dei har gått ut på dato, berre du har egga i kjøleskapet.

Men på same måte som ost bør egg også tempererast før vi skal nytte dei. Då kjem alle dei gode eigenskapane til egget best fram. Tempererte egg gir større volum i eggedosis og bakst, og egga sprekk ikkje så lett under koking. For egg toler godt å bli lagra i romtemperatur (på kjøkkenbenken) eit par dagar før bruk. Det blir òg lettare å skrelle hardkokte egg dersom dei er tempererte på førehand.

Ein kan òg gjerne fryse egg, men då må ein knekkje dei først og røre plomma og kviten saman. Plomme og kvite kan òg frysast kvar for seg.

Når egg blir varma opp

Egg begynner å stivne ved om lag 70 °C (proteina blir denaturerte). Det ser vi mellom anna når vi lagar vaniljesaus med egg. Sausen tjuknar før han koker. Sausar med egg i må ikkje få meir enn eit raskt oppkok, elles kan dei skilje seg og bli grynete.

Om koking av egg

Kok opp vatn i ein kjele og trekk kjelen til side. Legg egga forsiktig oppi kokevatnet utan at dei støyter mot botnen av kjelen. Set kjelen tilbake på plata og kok opp. Skru ned temperaturen. Vatnet treng berre så vidt boblekoke. Sjå på klokka og berekn tida for når egga er ferdige.

Egg som blir kokte i ei gryte. Foto.
  • Blautkokt: Kok opp vatnet og kok egga i 3–5 minutt. Avkjøl i rennande kaldt vatn. I Noreg kan du ete egga så blaute som du ønskjer, gjerne heilt rå!
  • Smilande: Kok opp vatnet og kok egga i 6–8 minutt. Avkjøl i rennande kaldt vatn. Dette gir egg med fast kvite og blaut, «smilande» plomme.
  • Hardkokt: Kok opp vatnet og kok egga i 8–10 minutt. Avkjøl i rennande kaldt vatn.

Avkjøl kokte egg i rennande kaldt vatn – for å unngå at egget held fram med å koke. Hugs på at du må ta koketida på egga frå vatnet koker, og at tida blir kortare enn når du legg egga i kokande vatn.

Grøn ring

Hardkokte egg eller eggeskiver som blir liggjande i kjøleskap kan få ein svak, grøn ring mellom plomma og kviten. Dette er ein heilt naturleg, kjemisk reaksjon som skjer med dei svovelhaldige aminosyrene i egget, og er ikkje farleg.

Posjerte egg

Nytt kalde og nye egg dersom du skal posjere egg. Det gir eit betre resultat.

Blodflekk i egget

Ein sjeldan gong kan du finne ein liten blodflekk i egget. Dette er heilt ufarleg.

CC BY-SARettshavar: Opplysningskontoret for egg og kjøtt
Sist fagleg oppdatert 07.05.2020

Læringsressursar

Egg