Hopp til innhald
Fagartikkel

Næringsinnhald i egg

Ei høne legg det første egget sitt når ho er rundt 19 veker gammal. Ho verp 6 egg per veke. Når vi snakkar om egg i Noreg meiner vi først og fremst hønseegg, men vi bruker òg måseegg, vaktelegg, terneegg med fleire.


Egg i ernæringa

Eit norsk gjennomsnittsegg veg 63 g. Av dette er om lag 22 g plomme, 33 g kvite og 8 g skal. Plomma har både høgare energi- og næringsinnhald enn kviten.

Næringsinnhaldet i eggekviten og eggeplomma kan du studere i matvaretabellen. Der ser du at eggeplomma inneheld utruleg mange næringsstoff!

Vi et i gjennomsnitt ½ egg kvar om dagen. Somme et meir – andre mindre. Egg gir oss ei lang rekkje næringsstoff; ja, dei aller fleste stoffa menneskekroppen treng er til stades i egget.

Kva egget har å seie i kosthaldet

Egg er ein ganske liten del av det samla kosthaldet, trass i at det er ei allsidig matvare. Vi et som nemnt om lag 1/2 egg per person per dag, og det utgjer lite av alt vi et i løpet av dagen. For eldre menneske som har låg forbrenning gjer frukostegget det mogeleg å få i seg ein porsjon vitamin utan altfor mange kaloriar på kjøpet. Vi seier at egg har høg næringstettleik fordi det inneheld mykje vitamin og mineral i høve til energi (kcal/kJ).

Vitamin

A-, B-, D-, E- og K-vitamin. Det einaste vitaminet som ikkje finst i egg er vitamin C. Av B-vitamin finst det heile 8 ulike og alle er til stades i egget. D-vitamin er ekstra vanskeleg å få frå kosthaldet elles, så egget sitt bidrag tel ekstra her! Det er ikkje så rart at egget blir kalla «Naturen sin eigen vitaminpille»! NB: Må ikkje svelgjast heile!

Mineral og sporstoff

Jern, kalsium, natrium, kalium, magnesium, fosfor, sink og selen. Jern tel litt ekstra i egg, fordi kvinner lett får for lite jern frå kosthaldet elles.

EGG-proteinet – det beste i verda for kroppen!

Proteina i matvarer har svært ulik verdi for kroppen, og proteinet i egg er det beste. Det samla proteinet i egg liknar mest på kroppen sitt eige protein. Derfor seier vi at egget har den beste proteinkvalitet for menneskekroppen.

Egg har mykje umetta feittsyrer

På same måte som kylling og kalkun inneheld også egg ein stor del umetta feittsyrer; og er dermed sunnare, til dømes hardkokt som pålegg, enn til dømes kvitost eller spekepølse. Egget gir òg færre kaloriar.

Kva med kolesterolet?

Ja, eggeplomma inneheld kolesterol, men dette har lite å seie, om noko, for kolesterolinnhaldet i blodet. Det er heilt andre matvarer, dei med høgt innhald av metta feittsyrer, som aukar kolesterolet i blodet slik at det kan bli ein helserisiko. Kontroller matvarer du lurer på ved å gå inn på matvaretabellen.

Det er nok verdas største myte om mat – at egg er farleg for kolesterolet. Kos deg med egg!

Når egg blir varma opp

Egg begynner å stivne ved om lag 70 °C (proteina blir denaturerte). Det ser vi mellom anna når vi lagar vaniljesaus med egg, han tjuknar før sausen kokar. Sausar med egg i må ikkje få meir enn eit raskt oppkok, elles kan dei skilje seg og bli grynete.

Oppbevar kjølig – men temperér!

Egg bør oppbevarast kjølig, helst i kjøleskap. Då kan dei lagrast i fleire veker, ja, eigentleg i fleire månader. Men, på same måte som ost, bør egg òg tempererast før vi skal bruke dei, då kjem alle dei gode eigenskapane til egget best fram. For egg toler godt å bli oppbevarte i romtemperatur (på kjøkkenbenken) eit par dagar før bruk. Ein kan også gjerne fryse egg, men då må ein knekke dei først, og plomme og kvite må rørast saman. Plomme og kvite kan òg frysast kvar for seg.

God kontroll

Dei aller fleste norske egg blir kontrollerte før dei går ut i butikkane. Egga blir då gjennomlyste, sorterte og stempla ved eggpakkeri. På eggekartongen til kontrollerte egg er det oppgitt haldbarheitsdato. Egga blir sorterte i vektklassane små, mellomstore, store og ekstra store.

Hugs!

  • Egg er ei næringsrik matvare med høgt innhald av protein, vitamin og mineral.
  • Egg inneheld alle vitamina med unnatak av vitamin C.