Hopp til innhald

Fagstoff

Marengs

Marengs er ein luftig masse som lage av piska eggekvite og sukker eller melis. Det finst ulike variantar av marengs, og dei er kjenneteikna ved ulik temperatur på råvarene og framgangsmåten.

Fransk marengs

Ingrediensar

  • 2 dl eggekvite

  • 390 g melis

Framgangsmåte

  1. Pisk eggekvita til kvitt og høgt skum.

  2. Tilset melisen litt og litt under pisking på mellomfart.

  3. Når all melisen er i bollen, set du opp farten til nesten den høgaste og piskar marengsen til han har tjukk og skinnande konsistens. Pisk i ca. 5 minutt med denne mengda.

Fransk marengs er supert å bruke til til dømes pikekyss og marengspynt. Då sprøyter du han ut på ei silikonmatte og steiker han på cirka 80 gradar i om lag 6 til 7 timar.

Italiensk marengs

Ingrediensar

  • 2 dl eggekvite

  • 400 g sukker

Framgangsmåte

  1. Ha eggekviten oppi ein piskebolle, og set han på 3/4 fart.

  2. Ha sukkeret i ei lita gryte. Dekk sukkeret akkurat med vatn, og set gryta på plata med nesten full varme. Sukkeret skal kokast til det held ca. 120 gradar. Bruk gjerne eit sukkertermometer til å måle temperaturen med.

  3. Når sukkeret er varmt nok, skrur du ned til halve farten, så heller du sukkeret i eggekviten under pisking. Prøv å helle mellom kanten på bollen og piskeriset for å unngå å få sukkertrådar i marengsen.

  4. Skru så opp farten til ca. 3/4, og pisk til marengsen er tjukk og skinnande og du kjenner at bollen ikkje er varm utanpå.

Italiensk marengs er ypparleg til toppinga på ei sitron- eller pasjonsfruktterte eller til omelette norvégienne. Han kan brennast av med ein gassbrennar. Italiensk marengs kan òg bli brukt i bærmousse.

Eit fat med ei sitronterte med marengslokk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Cathrine Nilsen.
Sist fagleg oppdatert 23.04.2024

Læringsressursar

Massar