Hopp til innhald

Fagstoff

Mørdeig

Mørdeig – det ligg i namnet, han skal vere mør og ha ein sprø og god konsistens. Deigen består i utgangspunktet av mjøl, melis, egg og feittstoff. Døme på produkt av mørdeig er sitronterte, fruktterte og sjokoladeterte.

Å lage mørdeig

Ingrediensar

  • 160 g melis

  • 160 g smør eller margarin

  • 2 egg

  • 400 g mjøl

Framgangsmåte

Alt blir blanda i ei kjøkkenmaskin med K-kroken til ein deig. Pakk deigen inn i tett plast, og la han kvile på kjøl i cirka ein time før bruk.

Store terter

Kjevl deigen ned på cirka 3 mm. Kjevle han så stor at han kan ligge utover kanten på ønskt terteform.

Legg eit papir over mørdeigen, og fyll opp med tørka erter eller ris.

Ei terteform med mørdeig er fylt med grøne erter som ligg på eit bakepapir. Foto.

Steik på cirka 175 gradar i 8 minutt, til kanten er gyllenbrun.

Ta forma ut av omnen, og løft papiret med ertene over i ein boks. Desse kan brukast fleire gonger.

Skjer kanten på terta med ein god kniv så han blir glatt og fin. Ettersteik i 5 minutt på 170 gradar. Avkjøl terta, og fyll med ønskt fyll.

Ein kollasj med to bilete. Det eine vise ein tom tertebotn, det andre vise ei ferdig sitronterte med marengslokk. Foto.

Små terter

Kjevl mørdeigen ut til cirka 2 mm.

Ein konditor bruker ei rund, lita form til å stikke ut møyrdeig. Foto.

Stikk mørdeigen og legg den forsiktig ned i terteforma. Bruk ein rund utstikkar som er cirka 3 cm større enn diameteren på ønskt terteform. Bruk utsida av tommelen til å klemme av overflødig tertedeig.

Ein konditor stikk ut små terteformer i ein møyrdeig. Foto.

Sett ei tilsvarande terteform oppi for at terta skal halde forma når ho blir steikt. Steik på 175 gradar i cirka 5 minutt. Ta ut terteforma oppi, og ettersteik cirka 3 minutt på 170 gradar. Bruk teflonbelagde terteformer. Avkjøl og fyll tertene med ønskt fyll.

Eit fat med to terter fylte med bringebær og pynta med pikekyss. Foto.
CC BY-SASkrive av Cathrine Nilsen.
Sist fagleg oppdatert 13.02.2024

Læringsressursar

Massar