Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Produkt av rørt masse

I denne oppgåva skal de lage ulike produkt av rørt masse og kåre vinnaren av det beste produktet. Ein rørt masse blir laga av like delar smør, sukker, egg og mjøl. I tillegg kan vi velje å tilsetje litt bakepulver for at ikkje bakverket skal bli tungt.
Eit stykke lys formkake med gul krem er lagt opp på ein kvit tallerken. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Introduksjon

Vi startar med å røre smør og sukker til ein lett kvit masse. Deretter tilset vi egg litt etter litt, før vi tilset sikta mjøl og bakepulver. Vi kan òg tilsetje eventuell smak. Vi kan bruke massen til både formkaker og muffins.

Oppgåve 1

Del klassen inn i grupper som lagar kvart sitt produkt av rørt masse.

Bruk denne grunnoppskrifta:

  • 250 gram romtemperert smør

  • 250 gram sukker

  • 250 gram egg

  • 250 gram kveitemjøl

  • 1 ts bakepulver

Framgangsmåte

Rør smør og sukker til ein kvit og luftig masse i cirka 15 minutt. Skrap massen ned frå kanten av bollen av og til.

Tilset egg litt etter litt. Pass på at egga er blanda inn i massen før du tilset meir egg.

Rør forsiktig inn kveitemjøl, bakepulver og eventuell smak. Ha massen i ei ønskt form. Husk at massen aukar i volum i omnen, så ikkje fyll massen heilt til kanten av forma du bruker. Steik til massen er gjennomsteikt. Sjekk gjerne om kaka er ferdigsteikt ved å stikke ein pinne i midten.

Gruppe 1. Muffins

Bruk grunnoppskrifta og lag muffins med valfri smak.

Gruppe 2. Formkake i brødform

Bruk grunnoppskrifta og lag ei formkake med valfri smak.

Gruppe 3. Skuffekake i langform

Bruk grunnoppskrifta og lag ei skuffekake med valfri smak.

Oppgåve 2

Alle gruppene presenterer produktet sitt for dei andre, og alle smaker på produkta til kvarandre.

Kår det beste produktet av rørt masse basert på

  • smak

  • konsistens

  • saftigheit

CC BY-SASkrive av Einar Martin Kålen.
Sist fagleg oppdatert 21.03.2023

Læringsressursar

Massar