Hopp til innhald

Fagstoff

Ramslauk

Ramslauken har mange av dei same eigenskapane som kvitlauk. Planten er opptil 50 cm høg og breier seg som eit kvitt teppe over skogbotnen. Han er ein vårplante, og skogen blir fylt med ei intens lukt av kvitlauk.
Grøne plantar med breie blad og kvite blomstrar i skogen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bestand

Ramslauken høyrer til asparagales-ordenen. Laukvekstar og einfrøblada vekstar er undergrupper av denne. Lauken veks vilt i skuggefulle bar- og lauvskogar. Ramslauken finst i låglandet og langs kysten frå Østfold til Trøndelag. Han kan forvekslast med liljekonvallar, som er giftige. Vi må vere merksame på lukta, då liljekonvallar luktar heilt annleis. Ramslauk kan du plukke i skogen i nærleiken av der du bur.

Bruk

Eit stykke laksefilet og ramslaukblad. Foto.

Ramslauk er ein plante som blir nytta i matlaging. Blada kan nyttast i salatar og gir ein fyldig og sterk smak. Dei blir òg nytta som krydder i suppe, i kjøttrettar, ostar, smør, rømmedressingar og til spinat. Ramslauk blir ofte nytta i gourmetrestaurantar.

Prøv gjerne å lage pesto av ramslauk du har plukka sjølv.

Oppskrift på ramslaukpesto frå Matprat.

Han er òg nytta i folkemedisinen. Ramslauk vart i Noreg nytta som middel mot makk hos menneske, og avkoket vart gitt som middel mot innvolsmakk hos geiter. Både i Europa og i Asia har ramslauk vore nytta ved revmatiske smerter, astma, fordøyingsvanskar og høgt blodtrykk. Under første verdskrigen vart store mengder ramslauk nytta som antiseptisk middel i Storbritannia.

Berekraftig hausting

Populariteten til ramslauken har ført til intensiv hausting, særleg i byområde, og han vart derfor raudlista i 2021 med status nær truet. Ved å hauste på ein berekraftig måte kan du vere med å sikre at denne smakfulle planten overlever.

  • Ver sikker på at du har lov til å plukke der du er, det kan vere restriksjonar i verna område.

  • Ikkje plukk alt som er i eit område, vi vil jo at det skal vekse meir til neste år. I tillegg treng òg dyrelivet sitt.

  • Ikkje plukk røter.

Næringsinnhald

Ramslauk inneheld mykje karbohydrat. Størstedelen er stivelse.

Ein stavmiksar i ein stålbolle med ei sterkt grøn blanding. Foto.

Næringsinnhald i 100 g etande matvare:

etande del: 79 %
kilojoule: 486
protein: 7,9 g
karbohydrat: 18,6 g
sukker: 3,8 g
kostfiber: 1,7 g

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Norsk sesong:

april–juni

Kjelde

Norges sopp- og nyttevekstforbund. (u.å.). Bærekraftig sanking. Henta 27. april 2022 frå https://soppognyttevekster.no/nyttevekster/sanking/

CC BY-SASkrive av Anette Eikild Larsen.
Sist fagleg oppdatert 14.09.2022

Læringsressursar

Lauk- og purrevekstar