Hopp til innhald

Fagstoff

Salatlauk

Salatlauk er stor av vekst og mild på smak. Han blir dyrka i Noreg, og det er svært liten import ut over sesongen, som varer frå juli til oktober.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Salatlauk har kortare haldbarheit enn vanleg lauk og inneheld òg meir vatn enn slik lauk. Han er derfor dårlegare eigna til steiking i panne, men god rå i salatar, på hamburgaren eller i anna vi nyttar rå lauk til.

Eigenskapar

Salatlauk inneheld som annan lauk noko A-, B- og C-vitamin, i tillegg til mineral.

Salatlauken er fattig på energi, men rik på kostfiber. Mykje er i form av inulin, eit fiberstoff som òg gir lauken den søte, milde smaken.

Kvalitetskrav

Salatlauk skal vere heil, rein og fri for frostskadar. Det skal heller ikkje vere mugg eller ròte på han. Salatlauk skal ha ei blank og smidig ytterside, og det grøne graset skal ikkje vere vissent. Salatlauk skal ikkje ha spirer.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Norsk sesong

Sesongen for salatlauk er juli–oktober.

Lagring

2–4 ºC. Salatlauk kan lagrast i ein plastpose eller i ein tett plastboks. Han har kortare haldbarheit enn vanleg lauk.

CC BY-SARettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 17.04.2020

Læringsressursar

Lauk- og purrevekstar