Hopp til innhald

Fagstoff

Å arbeide ergonomisk i helsesektoren

Tunge løft, feil arbeidsteknikk og mange belastningar er ofte ein del av arbeidsmiljøet i helse- og omsorgssektoren. Dersom du ikkje er medviten om korleis du bruker kroppen når du skal løfte eller flytte på pasientar, kan du over tid utvikle belastningslidingar som muskel- og skjelettplager.
Helsefagarbeidere hjelper en mann med å reise seg fra en stol ved hjelp av et løfteapparat. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit felles ansvar

Det er viktig at arbeidsmiljøet er lagt til rette for den enkelte – så langt som råd. Like viktig er det at du utviklar gode haldningar, innarbeider gode arbeidsvanar og er medviten om å bruke kroppen riktig – og sjølvsagt tek i bruk hjelpemiddel når det trengst. Det finst fleire hjelpemiddel som gjer det lettare å arbeide ergonomisk.

Som arbeidstakar har du saman med arbeidsgivaren din eit ansvar for å bruke kroppen din så ergonomisk riktig som råd. Pasientar må bruke ressursane sine og gjere det dei greier sjølve. Ta utgangspunkt i det naturlege rørslemønsteret til kroppen.

Test det naturlege rørslemønsteret ditt

Eit skjelett sit makeleg på ein stol. Illustrasjon.
  • Set deg ytst på ein stol, og len deg bakover slik at du sit litt makeleg.
  • Flytt deg med langsame rørsler og set deg opp slik at du får ei god og korrekt sitjestilling.
  • Tenk over korleis du bruker det naturlege rørslemønsteret til kroppen når du set deg opp.

Viktige prinsipp for alle typar arbeid

  • Varier arbeidsstillinga slik at du ikkje får einsidig belastning på musklar og ledd.
  • Hovud, rygg og skuldrer skal vere mest mogleg i normalstilling.
  • Det er viktig å trene. Då styrker du ledd, musklar og sener.

Løft

Det er viktig å vurdere om det er nødvendig å løfte. Hovudregelen når vi løftar, er at vi skal bøye knea og ha ryggen rett. I relatert innhald finn du filmar og fagstoffsider om korleis vi skal løfte.

Forflytting

Når du skal flytte ein pasient frå til dømes senga til stolen, skal du unngå å løfte pasienten. Bruk heller forflyttingsteknikk. Då tek du utgangspunkt i fysiske lover og bruker det naturlege rørslemønsteret, balanse og tyngdeloven når du flyttar pasienten.

Døme

Pleiar hjelper pasient med å legge seg til rette og snu seg i senga. Foto.

Når du skal flytte ein pasient høgare opp i senga, kan du først bruke vippefunksjonen på senga. Du senkar då hovudenden på senga slik at overkroppen til pasienten blir liggande lågare.

Dersom pasienten greier det, kan han eller ho bøye knea og sparke frå. Då kjem pasienten høgare opp i senga når du hevar hovudenden att.

Naturleg rørslemønster

Å bruke det naturlege rørslemønsteret vil seie at vi flyttar éin kroppsdel om gongen og overfører tyngda frå ein kroppsdel til ein annan. For å redusere friksjon kan du bruke enkle teknikkar og hjelpemiddel. Til dømes kan du:

  • legge handflatene dine under setet på pasienten når han eller ho skal flyttast oppover i senga
  • bruke plastpose, silkelaken eller glidematte
  • bruke skråplan, til dømes vippefunksjonen på senga
  • la pasienten hjelpe til sjølv – då praktiserer du òg brukarmedverknad

Utfordringar til deg

  1. Kva tyder friksjon?
  2. Kvifor bør det vere minst mogleg friksjon når du skal flytte på ein pasient?
  3. Vis med praktiske døme kva friksjon er.
  4. Forklar til ein medelev korleis du bruker ditt naturlege rørslemønster når du lener deg bakover i ein stol eller reiser deg opp frå ein stol.

Relatert innhald

Dårlege ergonomiske forhold er ei av dei vanlegaste årsakene til sjukdom og fråvære.

CC BY-SASkrive av Marit Smith Sørhøy og Wenche Heir.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2024

Læringsressursar

Ergonomi i helsesektoren