Styrk eigen kropp
Ergonomi handlar om at arbeidsmiljøet og utstyret du nyttar, er tilpassa føresetnadene dine. Eit universelt utforma arbeidsmiljø er innreidd slik at løysingane passar for alle eller at dei kan tilpassast, og det fører til at det blir mindre behov for tilrettelegging og hjelpemiddel.
Som arbeidstakar kan du førebyggje muskel- og skjelettplager ved å variere arbeidsstillingane og rørslene dine så godt som mogleg. Du kan òg nytte dei tekniske hjelpemidla som er tilgjengelege. Det er viktig at du nyttar hjelpemidla riktig, slik at du blir avlasta mest mogleg.
I tillegg kan du gjere ulike øvingar som styrkar musklane i kroppen. Målretta trening verkar når du har vond nakke, rygg eller skuldrer. Gjennom få og målretta øvingar kan du styrkje musklane og forbetre refleksen og koordinasjonen til musklane. På den måten kjenner du betre korleis du nyttar musklane føremålstenleg når du til dømes løftar eller flytter.
I denne oppgåva skal du finne ulike øvingar som styrkjer både balanse og musklane i kroppen. Her kan det vere lurt å samarbeide med kroppsøvingslæraren. Kanskje de kan få nytte nokre kroppsøvingsstimar til å gjennomføre øvingane? I tillegg kan det vere lurt å nytte kroppsøvingsboka, låne bøker om trening på biblioteket eller søkje på internett etter ulike øvingar.
Gå saman i ei lita gruppe. Finn og gjennomfør øvingane saman i gruppa. Samle alle øvingane til eit treningshefte de kan nytte seinare for å halde kroppen sterk.
Øvingar for rygg, nakke, skuldrer og mage
- Bruk valfrie ressursar og finn korte øvingar som bidreg til å styrkje musklane i rygg, nakke, skuldrer og mage.
- Skriv ned minst tre øvingar for kvar muskelgruppe.
- Gjennomfør og øv på dei ulike øvingane de har skrive ned. Hjelp kvarandre slik at de utfører øvingane korrekt. Vurder om dei var gode nok til at de vil nytte dei seinare. Dersom de ikkje synest det var gode øvingar, kan de finne nye som de prøver ut.
Tøying av musklar
- Kvifor er det viktig å tøye musklane?
- Finn minst tre øvingar som tøyer musklane i rygg, nakke, skuldrer, mage.
- Gjennomfør og øv på dei ulike tøyeøvingane de har skrive ned. Vurder øvingane, finn nye dersom de ikkje synest øvingane er gode nok.
Balanse og stabilitet
- Kvifor er det viktig å trene balanse og stabilitet?
- Finn minst tre øvingar som styrkjer balanse og stabilitet.
- Gjennomfør og øv på balanse- og stabilitetsøvingane. Vurder om øvingane bidreg til å styrkje balanse og stabilitet. Finn nye øvingar dersom de ikkje er fornøgde.
Avspenning
- Kvifor er det viktig med avspenning?
- Finn minst tre øvingar som gir avspenning i musklane.
- Gjennomfør og øv på avspenningsøvingane. Vurder om øvingane bidreg til avspenning. Finn nye øvingar dersom de vurderer at øvingane ikkje gir nok avspenning.
Gjennomfør det fullstendige treningsprogrammet med øvingane de har samla i gruppene, saman med heile klassen.
- Rettlei klassen i dei ulike øvingane de har skrive ned.
- Diskuter fordelar med ein sterk kropp i arbeidet som barne- og ungdomsarbeidar.
Relatert innhald
Belastingsskader og ulike plager i muskel- og skjelettsystemet er ei av dei vanlegaste årsakene til sjukefråvær i Noreg i dag.