Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

God ergonomi

Ergonomiske prinsipp inneber å nytte det naturlege rørslemønsteret til kroppen og passe på at du har gode arbeidsstillingar, riktige arbeidsteknikkar og variasjon i arbeidet. Planlegging av arbeidet og eit godt arbeidsmiljø er òg god ergonomi.
Helsefagarbeidar hjelper mann i rullestol. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Både du som arbeidstakar og arbeidsgivaren din har plikt til å bidra til førebygging av arbeidsrelaterte skadar og belastingslidingar. Ergonomi handlar ikkje berre om tilrettelegging av fysiske forhold og hjelpemiddel på arbeidsplassen, men òg om arbeidsmiljø, organisering av arbeidet og individuelle tilpassingar.

Oppgåver

  1. Bruk døme til å forklare kva som blir meint med det naturlege rørslemønsteret til kroppen.
  2. Kvifor er det viktig at du som helsefagarbeidar har kunnskapar om det naturlege rørslemønsteret til kroppen?
  3. Planlegging og variasjon i arbeidet er viktig for god ergonomi.
    1. Helsefagarbeidaren utfører ulike oppgåver som krev god planlegging. Gi døme på slike oppgåver.
    2. Ta utgangspunkt i ei av arbeidsoppgåvene, og lag ein plan for gjennomføringa.
    3. Grunngi vala du gjorde i planlegginga.
    4. Drøft kvifor planlegging og variasjon er viktig i det daglege arbeidet ditt som helsefagarbeidar.
  4. Gå saman i grupper og øv på forflytting. Bruk gjerne praksisrommet. Ta omsyn til det naturlege rørslemønsteret til kroppen, og byt på kven som er helsefagarbeidarar, pasient og observatørar slik at alle får prøvd dei ulike rollene. Etterpå evaluerer de gjennomføringa av

    • forflytting av pasient høgare opp i senga
    • forflytting frå seng til rullestol
    • forflytting frå rullestol til stol
    • forflytting frå stol til rullestol
    • forflytting frå rullestol til seng
  5. Ergonomi handlar òg om å ha eit godt arbeidsmiljø.
    1. Skriv ned stikkord om kva du meiner er kjenneteikn på eit godt arbeidsmiljø.
    2. Samanlikn punkta dine med det ein medelev har notert, og lag ei felles liste.
    3. Gå saman i grupper og les opp stikkorda for kvarandre. Lag ein plakat med punkta de meiner er kjenneteikn på eit godt arbeidsmiljø. Plakaten kan hengjast opp i klasserommet eller praksisrommet og vere hugsereglar for eit godt og trygt lærings- og arbeidsmiljø i klassen.
    4. Diskuter i klassen korleis eit godt psykososialt arbeidsmiljø kan førebyggje muskel- og skjelettplager.
  6. I arbeidet ditt kan du nytte ulike hjelpemiddel for å førebyggje belastingslidingar. Lag ein presentasjon med bilete og tekst der du presenterer desse hjelpemidla. Hugs å oppgi kjelder.

Relatert innhald

Ergonomi er læra om korleis vi på best mogleg måte kan tilpasse arbeidsoppgåvene og arbeidsmiljøet til mennesket.


CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 20.10.2020

Læringsressursar

Ergonomi i helsesektoren