Film og filmklipp
Arbeidsglede som stressmeistring
Tilsette i helse- og omsorgstenesta har ofte hektiske arbeidsdagar og mange oppgåver som skal løysast. Eit godt arbeidsmiljø og trivsel på arbeidsplassen aukar evna til å takle stress og reduserer risikoen for belastingslidingar.
- På kva måte påverkar arbeidsmiljøet korleis du som tilsett i helse- og omsorgstenesta handterer stress?
- Kvifor er det viktig med anerkjenning frå kollegaene dine?
- Kva er ansvaret ditt som arbeidstakar for å bidra til eit godt arbeidsmiljø?