Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppgåver til filmen The Biggest Little Farm

John og Molly flyttar frå storbyen til ein nedlagd gard for å begynne eit nytt liv som bønder. Jorda er utarma og livlaus, og dei kan ingenting om jordbruk. Kan dei klare å gjere jorda fruktbar igjen ved å drive garden i pakt med naturen?
Svart hund med blå auge ser i kamera. Sit i førarsetet på ein grøn bil. Foto.

Før de ser filmen

  1. John og Molly bestemmer seg for å drive garden "i pakt med naturen". Kva trur de dei meiner med det?
  2. Dei har inga erfaring med jordbruk frå før. Kva utfordringar trur de dei kjem til å møte undervegs?
  3. Trur de dei kjem til å lykkast med prosjektet? Forklar kvifor / kvifor ikkje.

Etter at de har sett filmen

  1. Korleis er tilstanden på garden når dei kjem dit for første gong?
  2. Kva er det første dei må gå i gang med? Korleis gjer dei det?
  3. Korleis vil de beskrive jordbruket som blir drive i området der garden ligg?
  4. På kva måte prøver John og Molly å etterlikne naturlege økosystem i drifta av garden? Gi døme.
  5. Dei har store problem med skadedyr. Korleis prøver dei å løyse desse problema? Korleis ville de gått fram for å avgrense problema? Peik på fordelar og ulemper ved å løyse det slik John og Molly gjer.
  6. John og Molly hevdar at skadedyra er naudsynte for å halde oppe balansen i økosystemet på garden. Kva meiner dei med det? Kva synest de om denne påstanden?
  7. Kva døme på samspel mellom organismar ser vi døme på i filmen?
  8. Kan de finne tilsvarande døme på samspel på eit gardsbruk i Noreg? Gi døme.
  9. Lag ein modell som viser samspelet mellom ulike organismar og ikkje-levande faktorar på garden og i området rundt. I verktøyet SageModeler kan de byggje opp ein dynamisk modell: Bygg ein modell over samspelet på garden
  10. Ta bort éin av faktorane i modellen dykkar. Korleis vil dette påverke dei andre faktorane? Er det nokon faktorar som ikkje blir påverka? Kommenter.
  11. Finn ut kva som kjenneteiknar agroøkologisk jordbruk og økologisk jordbruk. Kva likskapar og forskjellar er det mellom desse to metodane? Ut frå det du ser i filmen, kva type jordbruk driv John og Molly? Forklar.
  12. I tillegg til at filmen handlar om gardsdrift, kan vi seie at han òg handlar om klimaendringar. På kva måte?
  13. Diskuter: Viss denne måten å drive ein gard på er så bra, kvifor er det ikkje endå fleire som gjer det?
  14. Kunne de tenkt dykk å gjere noko liknande som John og Molly? Forklar kvifor / kvifor ikkje.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 19.11.2020

Læringsressursar

Økologi