Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag eit akvaponisk system

Eit akvaponisk system kombinerer oppdrett av fisk med produksjon av plantar. Næringssalta frå ekskrementa til fisken blir brukte som gjødsel til plantane. Slik blir næringssalta tekne vare på.
Hylle med plantar i drivhus. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Føremålet med forsøket

Lag eit akvaponisk system til å ha i klasserommet. Hald kontroll på dei abiotiske forholda i systemet, og dyrk plantar.

Akvarium med fisk kopla til kasse med plantar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Framgangsmåte

  1. Bruk eit akvarium de allereie har, eller start opp med eit nytt.
  2. Fyll akvariet med vatn frå springen. Set luftpumpa nedi, og lat ho gå nokre dagar.
  3. Set vasspumpa nedi vatnet, og kople slangen til plantekassa. Tilpass vasstraumen til plantane ved å lage fleire hol til utløpet.
  4. Slangen som er kopla til utløpet, bør ha ein lukkemekanisme. Bruk ei klype eller liknande.
  5. Luftpumpa blir brukt som reserveløysing i tilfelle vasspumpa skulle stoppe opp.
  6. Leca-kuler som skal brukast i plantekassa, må vaskast og skyljast godt før bruk. Små partiklar frå Leca-kulene kan skade gjellene til fisken.
  7. For å unngå flaum i plantekassa kan det vere lurt å kople eit tidsur til vasspumpa. Still det inn slik at pumpa til dømes går 2–5 minutt kvar time.
  8. I eit nytt akvarium må de bruke god tid på å køyre inn filteret i vasspumpa.
  9. Vel fisk som er hardfør, og lat fisken få tid til å tilpasse seg til dei nye omgivnadene før de begynner å byggje det akvaponiske systemet.
  10. Hald oversikt over kor mykje mat (næring) de tilfører systemet.
  11. Legg ein plan for registrering av næringsinnhaldet i akvariet. Bruk dataloggarar eller sensorar som de programmerer sjølve.

Registrer med jamne mellomrom dei abiotiske forholda i akvariet:

  • pH
  • temperatur
  • næringsinnhald (nitrat, ammonium, fosfat)

Registrer dei biotiske forholda:

  • fiskehelse
  • plantevekst og eventuelle parasittar
  • algevekst – undersøk i mikroskop

Resultat

Lag ein rapport som viser kva de har gjort i heile prosessen med å lage eit akvaponisk system.

Lag grafiske framstillingar av målingar de har gjort.

Diskusjon og konklusjon

  • Kva var dei største utfordringane med å få til eit fungerande akvaponisk system?
  • Foreslå forbetringar som kan gjerast.
  • Finn døme på akvaponiske system i full skala.
  • Kan slike system vere ei løysing på problemet med utslepp av næringsstoff i samband med fiskeoppdrett?

Kjelde

ZHAW Life Sciences und Facility Management. (u.å.). Constructing a classroom aquaponic system. Henta 22. april 2020 frå https://www.zhaw.ch/dei/lsfm/dienstleistung/nachwuchsfoerderung-angebote-fuer-schulen/play-with-water/from-fish-to-tomato/construction-aquaponic-system/

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 17.04.2020

Læringsressursar

Økologi