Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Den siste villmarka?

Noreg er eit land med mykje og variert natur: skog, fjell og kyst. Men naturen er under press frå utbygging, hausting og klimaendringar. Delen urørt natur eller villmark blir stadig mindre. Finn ut korleis utviklinga har vore. Kan vi redde den siste villmarka?
Gammal jaktbu/steinbu. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Diskuter

  • Kva tenkjer de på når de høyrer ordet "villmark"?
  • Kva tenkjer de på når de høyrer uttrykket "inngrepsfri natur"?
  • Treng vi villmark og inngrepsfri natur?

Definisjon og kartlegging

For å halde oversikt over kor mykje villmark vi har, treng vi ein definisjon på kva vi skal rekne som "villmark". Først då kan vi kan måle opp kor mykje vi har. Miljødirektoratet (u.å.) bruker denne definisjonen: "Villmarksprega område er område som ligg 5 km eller meir i luftlinje frå tyngre tekniske inngrep."

Oppgåver

Farga kvadrat med forklarande tekst til kartet. Illustrasjon.

Bruk kartet over.

  1. Finn området der steinbua på biletet over ligg. Ligg denne steinbua i "villmarksprega natur"? Er steinbua eit "tyngre teknisk inngrep"?
  2. Kor langt er det til næraste villmark frå der du er akkurat no?
  3. Kvar i Noreg finn vi mest villmark?
  4. Kva type natur er det mykje av villmarka i Noreg (til dømes snaufjell, skog eller myr)?
  5. Kva naturtypar er det viktigast å ta vare på med tanke på artsmangfald?
  6. Kva bidreg mest til nedbygging av natur?
  7. Finst det døme på at ein kan forsvare å byggje ned natur?
  8. Kven bestemmer kvar det er lov til å byggje til dømes hus og vegar?
  9. Kva kan styresmaktene gjere for å ta vare på natur?
  10. Finn område som har hatt reduksjon i utbreiinga av inngrepsfri natur i perioden 2013 til 2018. Søk på nettet, og forsøk å finne ut kva som har forårsaka reduksjonen.
  11. Nokre område er tilbakeførte som inngrepsfrie. Finn døme på dette, og finn ut korleis det kan gå føre seg.
  12. Diskuter: Er det mogleg å tilbakeføre natur til den opphavlege tilstanden han var i? Er det nokon typar natur som er lettare eller vanskelegare å tilbakeføre enn andre?
 Fire kart over Noreg som viser utbreiinga av villmark frå 1900 til 2018. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forslag til vidare arbeid

  1. Planlegg eit intervju som skal heite "Fem på gata om villmarka". Finn folk i ulik alder, og spør dei kva forhold dei har til villmark, kva dei tenkjer på når dei høyrer ordet "villmark", eller andre relevante ting.
  2. Formuler eitt eller to spørsmål som de skal stille til intervjuobjekta. De skal stille same spørsmål til alle.
  3. Noter namn, alder og yrke på intervjuobjekta, og ta bilete av dei viss de får løyve til det.
  4. Diskuter svara de fekk. Kva forskjellar fann de til dømes mellom ulike alders- og yrkesgrupper?
  5. Gjer ferdig saka. Undersøk om de kan få publisere ho på nettsida til skulen.

Kjelde

Miljødirektoratet. (u.å.). Inngrepsfrie naturområder. Henta frå https://www.miljodirektoratet.no/ansvarsomrader/overvaking-arealplanlegging/naturkartlegging/Inngrepsfrie-naturomrader/

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 02.06.2020

Læringsressursar

Økologi