Hopp til innhald

Fagstoff

Næringskjeder, næringsnett og krinsløp

Energi og stoff beveger seg gjennom økosystemet på ulike måtar. Stoff blir brukte om att i krinsløp, men energi må stadig fyllast på i form av sollys.

Næringskjede

Dei organiske stoffa blir overførte frå ein organisme til neste organisme. Ei slik rekkje av organismar blir kalla ei næringskjede.

Dyr og plantar knytt til piler. Illustrasjon.

Diskuter

  • Alle næringskjeder startar med ein produsent. Forklar kvifor!
  • Kva skjer dersom eit ledd i ei næringskjede forsvinn?

Trofiske nivå

Vi kallar kvart ledd i næringskjeda eit trofisk nivå. Eit trofisk nivå er plasseringa ein organisme har i ei næringskjede.

Plantar og dyr organisert i ei pyramideform. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Diskuter

  • Skisser næringskjeder de kjenner til.
  • Kor mange trofiske nivå har desse næringskjedene?
  • Kor mange trofiske nivå kan ei næringskjede ha?

Næringsnett


Som regel vil ein art vere deltakar i fleire næringskjeder som kan krysse kvarandre, derfor samlar vi gjerne fleire næringskjeder i eit næringsnett.

Organismar i havet knytt til piler. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Figuren viser eit forenkla næringsnett i Barentshavet. Liknande næringsnett kan setjast opp for ulike økosystem. Mange ulike artar vil inngå i eit næringsnett. Ein art kan ha roller på fleire trofiske nivå i næringsnettet.

Energistraum gjennom eit økosystem

Plantene utnyttar solenergien til å danne energirike organiske sambindingar. Dyr får energi gjennom maten dei et. Det meste av denne energien blir frigjord ved forbrenning i cellene, men noko av han blir att i den biologiske massen som blir eten av neste ledd i næringskjeda.

I organismen blir den frigjorde energien frå forbrenninga brukt til å byggje om dei organiske sambindingane, og til å drive prosessar som; aktiv transport, utskiljing, blodsirkulasjon, nerveleiing, vekst, rørsle, forplanting og produksjon av kroppsvarme.

Det meste av energien som ein organisme får gjennom maten, blir altså omdanna til energiformer som ikkje blir førte vidare i næringskjeda. Berre ein mindre del blir lagra som kjemisk energi i organismen. Stadig energitilførsel i form av sollys er derfor nødvendig for å halde i gang produksjonen og det økologiske krinsløpet.

Tre harar blir jaga av rovfugl i lufta. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Som figuren viser, går omtrent 90 prosent av energien «tapt» for kvart ledd i næringskjeda. Denne energien blir ikkje borte, men finst i former som ikkje kan utnyttast av neste ledd i næringskjeda.

Stoffkrinsløp

Næringsstoff som karbon, nitrogen og fosfor blir tekne opp i plantene i form av uorganiske sambindingar. Der blir dei bygde inn i ulike organiske sambindingar i fleire organismar etter kvarandre. På den måten blir stoffa frakta gjennom næringskjedene og gradvis frigjorde og brotne ned til ei uorganisk form. Dei uorganiske sambindingane kan då på nytt bli brukte av plantene når desse produserer organiske stoff. Slik blir grunnstoff resirkulerte i eit evig krinsløp i naturen.

Næringskjede med energi som fylles på av sola og organiske stoff blir overførte frå ein organisme til neste organisme. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Svein Gunnar Råen og Ragnhild Kjeldsen.
Sist fagleg oppdatert 20.05.2020

Læringsressursar

Økologi