Hopp til innhald
Oppslagsverk og ordliste

Essensielle plantenæringsstoff

Tabellen viser essensielle (nødvendige) mineralnæringsstoff for plantar. Plantane treng makronæringsstoff i relativt store mengder, mens dei treng mikronæringsstoff i små mengder.

Makronæringsstoff

Grunnstoff med kjemisk symbol

Blir teke opp som

Blir brukt til

Kjem frå

karbon (C)

CO2

inngår i alle organiske molekyl

luft

oksygen (O)

O2, H2O, CO2

inngår i alle organiske molekyl

luft, jord og vatn

hydrogen (H)

H2O

inngår i alle organiske molekyl, H-proton viktige i transport

vatn

nitrogen (N)

NO3-, NH4+

inngår i protein, nukleinsyrer, klorofyll, m.m.

jord

fosfor (P)

HPO42-

inngår i nukleinsyrer, ATP, i cellemembranar, m.m.

jord

kalsium (Ca)

Ca2+

inngår i cellevegger og i signalmolekyl

jord

magnesium (Mg)

Mg2+

inngår i klorofyll, aktiverer somme enzym

jord

kalium (K)

K+

viktig for ionebalansen til cellene

jord

svovel (S)

SO42-

inngår i protein, somme koenzym og i forsvarsstoff

jord

Mikronæringsstoff

Grunnstoff med kjemisk symbol

Blir teke opp som

Blir brukt til

Kjem frå

jern (Fe)

Fe2+, Fe3+

enzymkofaktor, inngår i cytokrom

jord

bor (B)

B(OH)3

enzymkofaktor, inngår i cellevegger

jord

sink (Zn)

Zn2+

enzymkofaktor

jord

nikkel (Ni)

Ni2+

enzymkofaktor

jord

koppar (Cu)

Cu+, Cu2+

enzymkofaktor

jord

mangan (Mn)

Mn2+

enzymkofaktor

jord

Klor, natrium og molybden er andre essensielle mikronæringsstoff.

Modifisert etter Brooker, Widmaier, Graham & Stiling: Biology[1]