Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Jobb med filmen Elgskogen

Sigrid har vore med på jakt nokre år, men håper å få skote sin første elg. Samtidig er ho usikker. I filmen Elgskogen følger vi ho og dei eldre, meir erfarne jegerane Hallvard og Nelly på elgjakt i Engerdal. I tillegg til å hauste av overskotet i naturen handlar jakt om rekreasjon og samhald.
Dame på post i vinterskogen med gevær og elghund. Foto.

Del 1. Før de ser filmen

  • Har nokon av dykk erfaringar med jakt frå før?

  • Uavhengig av om de jaktar eller ikkje: Kva tankar har de om jakt?

  • Kva kan vere grunnar til at nokon går på jakt?

  • Treng vi strengt tatt å jakte på dyr når vi får kjøpt det meste vi treng, i butikken?

Del 2. Sjå filmen Elgskogen

Sjå Elgskogen på bibliotektenesta Filmbib. Logg inn med nasjonalt lånekort.

Del 3. Diskuter filmen

  1. Korleis er elgjakta organisert i Engerdal?

  2. Kva betyr jakta for deltakarane i filmen?

  3. Kva haldningar har deltakarane i filmen til vilt og natur?

  4. Sjå for deg at du er førstegongsjeger og skal vere med på elgjakt. Kva kjensler trur du at du ville hatt? Korleis trur du at du ville reagert viss du fekk eit dyr på deg?

  5. Kva kan vere ulike grunnar til å drive med storviltjakt?

  6. Finn ut korleis storviltjakta er organisert i kommunen din.

  7. Kan du sjå for deg at det kan oppstå nokre interessekonfliktar med andre brukargrupper i samband med storviltjakt?

  8. Elgjakt har lange tradisjonar i Noreg. Haldningar til det å drive jakt har forandra seg frå tidlegare, og god forvaltning er avgjerande for ein berekraftig elgstamme. I tillegg til å hauste av overskotet i naturen handlar jakt òg om rekreasjon og samhald. Ta utgangspunkt i filmen og diskuter elgjakt og forvaltning ut frå dei tre dimensjonane i berekraftig utvikling:

    • klima og miljø

    • økonomi

    • sosiale forhold

Venn-diagram med tre overlappande sirklar der sosiale forhold, økonomi og naturmiljø møtest i midten som berekraftig utvikling. Illustrasjon.

Relatert innhald

Elgskogen er ein dokumentar om korleis jakta på det største dyret i skogen fører jegerane tettare på kvarandre og forsterkar fellesskapen i bygda.

CC BY-SASkrive av Vigdis Jonsen.
Sist fagleg oppdatert 03.03.2024

Læringsressursar

Økologi