Hopp til innhald

Fagstoff

Rettleiing

Oversikt over emnet "In mehreren Kulturen zu Hause" og forslag til arbeidsmåtar.
Bokstabel med eple på. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Undervisningsopplegget

I dette emnet møter elevane fem kjende tyskarar med migrasjonsbakgrunn. Undervisningsopplegget består av følgande sider:

  1. Der Schauspieler Elyas M'Barek

  2. Die Sängerin Namika

  3. Die Forscher Uğur Şahin und Özlem Türeci

  4. Die Politikerin Aygül Özkan

  5. Der Fußballer Leroy Aziz Sané

  6. Mündliche und schriftliche Aufgaben

Ønsker du eit større personutval, finn du miniportrett av fleire kjende personar i emnet Bekannte Personen aus Deutschland. Til desse portretta finst det separate oppgåvesider.

Oppgåveoversikt

Til kvart av dei fem portretta finst det eit sett med ti oppgåver. Både tekst og oppgåver er plasserte på same side.

  1. Einstieg Introduksjon til person og tema/yrke

  2. Hören Lytte og gjenfortelje

  3. Lesen Lese og omsette

  4. Nach dem Lesen Etter lesinga (tekstforståing)

  5. Was stimmt? Detaljforståing

  6. Schreiben Skrive

  7. Die eigene Meinung sagen Å si meininga si

  8. Grammatik Øve på grammatikk: verb, eigedomsord, preposisjonar osb. – alt etter kva teksten inviterer til

  9. Erzähl was! Fortelje om personen (ved hjelp av glosekort)

  10. Was stimmt? Was stimmt hier nicht? Rett eller feil? Morofakta og internettsøk

Felles oppstart i klassen

Vi foreslår at du startar med ein rask felles gjennomgang av dei fem personane i klassen. Dette tek ca. 30 minutt.

  • Be elevane sjå på lista over personar. Kva er dei kjende for? Kjenner elevane nokon av dei frå før?

  • Gå gjennom personane etter tur. Førstemann ut er skodespelaren Elyas M'Barek. Les ingressen over biletet. Kva får vi vite om personen?

  • Les oppgåve 1 Einstieg i fellesskap. Kva ber oppgåva om? Forklar kjapt på norsk før elevane startar. La elevane gjere oppgåva i par og samanfatt gjerne i klassen etterpå. Dette skal ikkje ta meir enn fem minutt. Gå vidare til neste person på lista.

Elevane vel seg ein person

Etter introduksjonen av alle fem personane skal elevane no bli betre kjende med éin av dei. Her kan du dele klassen i grupper ut frå utdanningsprogram og/eller interesse. Be elevane tenke strategisk, ikkje berre velje ut frå underhaldningsverdi. Kva er til dømes mest nyttig for dei med tanke på programområdet dei har valt? Her nokre forslag:

Musikk, dans og drama

  • Elyas M'Barek (drama)

  • Namika (musikk)

Idrettsfag

  • Leroy Sané

Medium og kommunikasjon

  • Aygül Özkan

  • Elyas M'Barek

Studiespesialisering

  • Aygül Özkan (språk, samfunnsfag og økonomi)

  • Uğur Şahin und Özlem Türeci (realfag)

Sjølvstendig arbeid

Del elevane inn i par eller i grupper på tre. Elevar som har valt same person, jobbar saman.

2 Hören

Elevane skal lytte til teksten og fortelje dei andre i gruppa kva dei forstod. Tips elevane om at det er lurt å lese teksten mens dei lyttar, og be dei bruke hovudtelefonar slik at blir det mindre støy i klasserommet.

3 Lesen

Elevane lyttar til teksten og set han om til norsk. Dei finn gloseliste til teksten ved å klikke på "Vokabeln".

4 Nach dem Lesen

Elevane skal plassere hendingar (og setningar) i rett tidsrekkefølge.

5 Was stimmt?

Oppgåve 5 er litt ulik frå person til person, men alle oppgåvene testar detaljforståing: Her viser elevane at dei ikkje berre har fått med seg hovudinnhaldet i teksten, men også detaljar.

  • Luketekst: Kva for ord manglar? (Elyas M'Barek)

  • Formuler seks spørsmål til teksten. (Namika)

  • Kva stemmer ikkje her? (Uğur Şahin und Özlem Türeci)

  • Kva stemmer? (Aygül Özkan, Leroy Sané)

6 Schreiben

Elevane skal også skrive nokre setningar på tysk. Be dei bruke skrivestøtta i boksen "Schreibhilfen", og la dei gjerne velje om dei vil samskrive frå starten av, eller om dei vil jobbe individuelt først og deretter dele det dei har skrive, med kvarandre.

7 Die eigene Meinung sagen

I oppgåve sju skal elevane førebu seg til å seie si eiga meining om eit tema som er relevant med tanke på personen dei har valt. I boksen "Redehilfen" finn elevane setningsstartarar som kan hjelpe dei å komme i gang. Oppgåva kan også gjerast individuelt og skriftleg om ein ønsker det.

8 Grammatik

Det er alltid nyttig å øve på eller repetere litt relevant grammatikk. Be elevane bruke tipsa i oppgåva eller digital ordbok viss dei treng det. Her er ei oversikt over grammatikkøvingane i emnet:

  • tidsbøying (presens, preteritum og presens perfektum) – Elyas M'Barek

  • eigedomsord – Namika

  • passiv – Uğur Şahin und Özlem Türeci

  • preposisjonar – Aygül Özkan

  • preteritum – Leroy Sané

9 Erzähl was!

Elevane skal øve seg i å fortelje om personen dei har jobba med. La dei jobbe i par med glosekort. Dei skal sette om setningar frå norsk til tysk – først ved å sjå på tips, så utan. Når elevane er ferdige med oppgåva, har dei samtidig fått samanfatta det viktigaste om personen.

Viss tid: La elevane halde fram med å jobbe i par. Be dei avtale seg imellom kven som skal seie kva, og gi dei nokre minutt til å øve på ein enkel munnleg presentasjon av personen dei har lese om. Deretter presenterer elevane personen sin for ei anna toargruppe. Elevane bør seie fire–fem setningar kvar.

Alternativt kan elevane førebu seg individuelt og så gå i grupper og presentere personen sin for dei andre i gruppa. Då bør elevane seie fem til ti setningar kvar.

Som ei ekstra utfordring kan du be om at dei som har vore tilhøyrarar, til slutt stiller eit relevant spørsmål til den som har fortalt.

10 Stimmt das? / Nur zum Spaß!

Her må elevane kanskje google for å finne svar – eller berre gjette! Denne oppgåva har hovudsakleg underhaldningsverdi, og ho er fin å gjere viss ein har litt tid til overs.

Fordjupingsoppgåver

På sida Mündliche und schriftliche Aufgaben finn elevane fire fordjupingsoppgåver å velje mellom – to munnlege og to skriftlege. Oppgåvene kan løysast individuelt, i par, eventuelt også i grupper på tre.

  1. Mündlich präsentieren

  2. Gemeinsam schreiben

  3. Allein schreiben

  4. Podkast produzieren

Oppgåveinstruksane står på norsk, og elevane får hjelp til å utarbeide og strukturere teksten sin. I boksane "Redehilfen" og "Schreibhilfen" finn dei nøkkelsetningar og nyttige ord og uttrykk.

Lykke til!

Vi håper du og elevane dine vil ha glede av dette undervisningsopplegget. Gi oss gjerne tilbakemelding på korleis opplegget har fungert i klassen din.

CC BY-SASkrive av Anna Maria Holvik.
Sist fagleg oppdatert 14.12.2022

Læringsressursar

In mehreren Kulturen zu Hause