Mündliche und schriftliche Aufgaben
Lag ein munnleg presentasjon av ein norsk, tysk, sveitsisk eller austerriksk statsborgar med migrasjonbakgrunn, og presenter denne personen for klassen.
Bruk ein enkel digital presentasjon som støtte.
Presenter bakgrunnsinformasjon om personen. Ta også med tre positive eigenskapar som du tilskriv denne personen, og presenter relevante døme som viser at personen eig desse eigenskapane.
Kommenter bilde, lydklipp eller videoklipp som du vel å bruke, og hugs å oppgi kjelde og lisens.
Bruk ikkje fleire enn tre informasjonskjelder, og sjekk at kjeldene er pålitelege og oppdaterte. Oppgi kjeldene på eit eige lysbilde i slutten av presentasjonen.
Prøv å engasjere, informere og underhalde!
Jobb saman i mindre grupper og skriv ein tekst om ein viktig nordmann med migrasjonsbakgrunn.
Tittel: Ein bekannter Norweger mit Migrationshintergrund / Eine bekannte Norwegerin mit Migrationshintergrund
Skriv 180–200 ord.
Bruk inntil tre kjelder, og sjekk at kjeldene er pålitelege og oppdaterte. Hugs å oppgi kjeldene du bruker.
Skriv ferdig teksten om fordelar og utfordringar knytte til migrasjonsbakgrunn. Det er lov å endre på forslaget til innleiingsdel.
Tittel: Migrationshintergrund: Vorteil oder Herausforderung?
Skriv 200–220 ord (inkludert innleiinga).
Vel det du ser på som dei viktigaste fordelane og ulempene.
Forklar, utdjup og grunngi. Bruk tal og døme som illustrerer poenga dine.
Oppgi kjelder.
Jobb i grupper og spel inn ein podkast der de samtaler om kjente nordmenn og tyskarar med migrasjonsbakgrunn.