Hopp til innhald
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåve

Elbil og energi

Kva er energiforbruket til ein elbil? Og kva for konsekvensar kan elbilbruk få for produksjon av elektrisk energi?

FooterHeaderIconFooter iconLK20

Du finn løysingar på nokre av oppgåvene nedst på sida.

Leikebil med leidning ut gjennom taket. Leidninga har stikkontakt i enden. Heile bildet er i skarpe grøntonar. Foto.

Oppgåve 1

Bruker ein elbil mindre energi enn ein bil med dieselmotor? Prøv å samanlikne energiforbruket per mil for ein elbil og ein bil med dieselmotor.

Tips

Finn tal på energiinnhaldet i batteriet til ein elbil, og på rekkjevidda til bilen. Finn tal på forbruket av diesel per mil og på energiinnhaldet i ein liter diesel.

Oppgåve 2

a) Om lag kor mange elbilar kan ei typisk vindmølle som produserer elektrisk energi, klare å drifte?

Tips

Her er det viktig at du lagar ei god oversikt over tala du bruker, og over føresetnadene du eventuelt må bruke.

b) Gjer det same, men no med eit typisk vasskraftverk som energikjelde.

c) Kor mange nye vindmøller ville det krevje dersom alle fossile privatbilar brått blei bytte ut med elbilar? Kor mange nye vasskraftverk ville det krevje?

Oppgåve 3

a) Kor mykje kostar det å lade opp ein elbil med eit batteri med kapasitet på 80 kWh dersom straumprisen er 0,90 kr/kWh?

b) Ein heimeladar for elbil kan levere ein elektrisk effekt på 7,4 kW. Kor lang tid tek det å lade opp elbilbatteriet i deloppgåve a) dersom batteriet er heilt tomt?

Tips

Minner om formelen  E=P·t.

c) Dersom ein elbil skal ladast frå ein vanleg stikkontakt, er det ein del vilkår som må vere oppfylte. Kva for vilkår er det, og kor lang tid vil det ta å lade elbilbatteriet i samsvar med desse vilkåra?

d) Kor mykje vil det koste, og kor lang tid vil det ta, å lade opp elbilen i a) på ein hurtigladestasjon?

Oppgåve 4

Utsikt over Trollstigen. Vegen går i sikk-sakk oppover eit bratt fjell. Foto.

Utsikt over Trollstigen.

a) Ein elbil kan lade seg sjølv i nedoverbakke. Kvar kjem denne energien frå?

Tips

Sjå sida Arbeid, energi og effekt i naturfag og les under overskrifta "Potensiell energi".

b) Kor mykje kan vi i teorien lade ein elbil på veg ned Trollstigen i Møre og Romsdal?

Tips

Her kan det vere lurt å velje seg ut ein bestemt elbilmodell. Kvifor?

Svar

Svaret på oppgåva vil vere avhengig av massen m til elbilen.

c) Kor stor høgdeskilnad treng vi i teorien dersom vi vil lade eit tomt elbilbatteri med kapasitet 80 kWh heilt fullt?

Løysingar

Oppgåve 3 a)

Når kvar kWh kostar 0,90 kr og vi treng 80 kWh, får vi

80 kWh· 0,90 kr/kWh=72 kr

Oppgåve 3 b)

Dersom vi snur på formelen  E=P·t, får vi

t=EP=80 kWh7,4 kW=10,8 h

Det tek om lag 11 timar å lade fullt dette elbilbatteriet dersom det er heilt tomt.

Kvifor vil det mest sannsynleg ta noko lengre tid enn dette?

Svar

Ladinga kan gå seinare når batteriet nærmar seg full opplading.

Sist oppdatert 04.08.2020
Skrive av Bjarne Skurdal

Læringsressursar

Utforskande oppgåver knytte til samfunnsliv