Hopp til innhald

Oppgåve

Fakta om innvandring

Statistisk sentralbyrå (SSB) har mange faktaopplysningar om innvandring og innvandrarar.

LK20

Gå til SSB-sida Faktaside om innvandring og innvandrarar.

  1. For å lage statistikk om innvandring har SSB valt å dele inn alle registrerte personar busett i Noreg i tre hovudkategoriar. Kva namn har desse tre hovudkategoriane fått, og kan du seie litt om grunngivinga for denne inndelinga?
  2. Ranger verdsdelane etter landbakgrunn for innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre som bur i Noreg i dag.
  3. Kor mange innvandrarar bur i Noreg i dag? Kor mange norskfødde med innvandrarforeldre bur i Noreg i dag?
  4. Sjå på den grafiske framstillinga "Innvandring og utvandring". I kva år har innvandringa til Noreg vore fleire enn 50 000 personar? I kva år har nettoinnvandringa til Noreg vore fleire enn 25 000 personar? I kva år var utvandringa større enn innvandringa?
  5. Kor stor del av dagens totalbefolkning er innvandrarar eller norskfødde med innvandrarforeldre? Kor stor del av totalbefolkninga i 2060 er innvandrarar eller norskfødde med innvandrarforeldre etter det SSB ser på som ei sannsynleg utvikling? Sei litt om kva SSB legg til grunn for tala for befolkninga av Noreg i framtida.
  6. Studer diagrammet "Landbakgrunn for innvandrere og norskfødte med innvandrerforeldre". Kva har endringa i talet på innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre vore for dei åtte områda i verda dei siste fem åra? Gi òg endringa i prosent. Frå kva område er endringa i prosent størst?
  7. Studer diagrammet "Landene med flest innvandrere til Norge". På kva måte skil Pakistan seg ut? Kva kan årsakene til dette vere?
  8. Studer diagrammet "Innvandrere etter innvandringsgrunn". Kva er meint med grunnen "Familie"? Kva kan årsaka vere til at han ligg så høgt?
  9. Studer diagrammet "Sysselsetting etter landbakgrunn". Er det nokon land/område som skil seg ut?
  10. Korleis har utviklinga av arbeidsløysa mellom innvandrarar vore dei siste fem åra?
Sist oppdatert 21.04.2020
Skrive av Olav Kristensen

Læringsressursar

Utforskande oppgåver knytte til samfunnsliv