Hopp til innhald

Oppgåve

Utslepp av karbondioksid

Studer statistikk om utslepp av karbondioksid til atmosfæren.

LK20

På nettsida til Energi og klima finn du grafen under. Denne viser kva land som har størst utslepp av CO2.

Grafisk framstilling av utslepp av CO₂ frå dei fire landa som i 2018 sleppte ut mest i perioden 1960 til 2018. Kina ligg i 2018 på eit utslepp på 10 milliardar tonn. USA har cirka 5,5 milliardar tonn, EU har cirka 3,5 tonn, mens India har cirka 2,7 milliardar tonn. Trenden for USA og EU er at utsleppet søkk, mens for India og Kina er det stigande. Skjermutklipp.

CO₂-utslepp frå fossil energi og industri frå dei tre landa som slepp ut mest og EU (28 medlemsland)

a) Skriv ned tankane og refleksjonane du får når du studerer grafane.

b) Gå inn på nettsida, og finn kommentarar og forklaringar til grafane som du synest er interessante.

c) På grafane på nettsida kan du finne eksakte verdiar for utslepp for dei enkelte landa for bestemde år. Kva er endringa i prosent frå 1990 til 2018 for EU?

På nettsida til SSB Utslipp til luft kan du finne endringa i utslepp av m frå 1990 til 2018 i Noreg. Sjå òg tabellen nedanfor.

Tabell over utslepp av klimagassar i millionar tonn CO₂-ekvivalentar til luft i Noreg i 2018 og endringa i prosent av dette utsleppet frå 1990 til 2018 og frå 2017 til 2018. I tillegg til dei totale utsleppa er òg utsleppa fordelt på sektorane olje- og gassutvinning, industri og bergverk, energiforsyning, oppvarming i andre næringar og hushald, vegtrafikk, luftfart pluss sjøfart og anleggsmaskiner med meir, jordbruk og til slutt andre kjelder. Skjermutklipp.

Utslepp av klimagassar til luft i Noreg i 2018

d) Korleis har endringa vore i Noreg samanlikna med EU?

e) Kva er hovudårsaka til auken av utslepp frå Noreg?

f) På kva område har vi hatt ein betydeleg nedgang i utslepp, og kva trur du grunnen til dette kan vere?

g) Kva tiltak ville du sett inn for få fart på nedgangen i utsleppa til Noreg?

h) Gå inn på nettsida Klimarisiko, vel kommunen din, og finn ut korleis kommunen din kan jobbe med klimarisiko.





Sist oppdatert 22.04.2020
Skrive av Olav Kristensen

Læringsressursar

Utforskande oppgåver knytte til samfunnsliv