Oppslagsverk og ordliste
Faguttrykk: servitør
Her finn du forklaring på ein del ord og uttrykk som blir brukte i servitørfaget.
- à la carte
- val av rettar frå menyen
- andre servise / 2. servise
- skåler med saus, poteter og eventuelt anna garnityr som blir servert ved sida av slik at gjesten kan forsyne seg sjølv eller bli servert
- anretning
- rom for oppbevaring av porselen, glas, bestikk og anna utstyr
- à part
- ved sida av
- aperitiff
- appetittvekkande drikk før maten
- apotek
- salt, pepar, olje og eddik
- chambrere
- å temperere vin
- dekantere
- å helle vin varsamt frå flaske til karaffel utan at botnfallet kjem med
- flambere
- å brenne av ein rett med konjakk eller anna brennevin
- første servise / 1. servise
- hovudrett – fat
H
- hors d'oeuvre
- liten kaldrett som blir servert som første rett. Forrett.
- handserviett
- serviett i tøy
K
- kuvert
- oppdekking til éin person etter gitt meny
- mise en place
- alt på plass, det vil seie at vi gjer klar på førehand alt vi treng av reiskapar og ingrediensar
- réchaud
- varmeplate
- sablere
- å slå halsen av sjampanjeflaska med ein sabel eller kniv
- serveringsformer
- hovudformer for matservering
- servicebord
- ekstra bord til bestikk, glas og serviettar
- transjere
- å skjere opp kjøtt eller fisk framfor gjestane