Oppslagsverk og ordliste
Faguttrykk: bakar og konditor
Her finn du forklaring på ein del ord og uttrykk som blir brukte i bakar- og konditorfaget.
- autolyse
- blanding av mjøl og vatn som får prosessane i deigen til å starte, blir gjord før elting og tilsetjing av gjær og salt
- baba
- bakverk av gjærdeig
- bakehjelpemiddel
- tilsettingsstoff for å betre dei tekniske eigenskapane til brødet
- bavaroise
- kremaktig dessert med gelatin
- biskuit
- kjeks
- coulis
- konsentrert saft eller puré av bær
- éclair
- liten, avlang vassbakkels
- elte
- å blande ingrediensane til ein gjærdeig for hand eller i maskin
- emne
- deigstykke som skal bli eit produkt
- fondant
- ein type fast sukkerglasur. Blir òg brukt om ei kake med mjuk kjerne.
- glasere
- å ha på glasur på ei kake
- hev/fordeig
- ein deig med lite gjær som blir sett nokre timar i førevegen eller dagen før, blir blanda inn i hovuddeigen som erstatning for gjær eller i tillegg til litt gjær
- kviletid
- liggetid der deigen kviler mellom to operasjonar
- kandisering
- overtrekking av kokt sukker
- kuvertyre
- kakaomasse som er tilsett kakaosmør og sukker, såkalla "ekte sjokolade"
- meringue
- marengs
- mousse
- ekstra lett og luftig kremdessert utan gelatin
- oppslag
- utforming av emne til brød
- palettkniv
- flat kniv utan egg, blir brukt til å stryke kremar og glasurar utover
- parfait
- iskrem
- petit four
- små konfektkaker
- profiterolar
- små kuler av vassbakkelsdeig
- rask
- heving
- snitte
- å skjere mønster i deigemne
- skrapelêr
- plastikkskrape som blir brukt til slikkepott
- springform
- rund kakeform med laus botn, kanten blir opna og blir utvida med ei springfjør
- tyll
- spiss til sprøyteposar
- utmalingsgrad
- kor mange prosent av kornet som har vorte malne saman med mjølet
- verken
- skøyten som oppstår under oppslag