Oppslagsverk og ordliste
Faguttrykk: fiskeribransjen
Her finn du forklaring på ein del ord og uttrykk som blir brukte i fiskeribransjen.
- blankisa fisk
- sløgd, hovudkappa fersk fisk pakka i kasser med is under og i endene – ikkje over det heile
- bløgge fisk
- å kutte hovudpulsåra straks etter opptak. Fiskekjøttet blir tappa for blod og får betre haldbarheit.
- boknefisk
- hovudkappa, sløgd fisk som blir delvis tørka i friluft
- klippfisk
- hovudkappa, sløgd og flekka fisk, sterkt salta og tørka
- krølltorsk
- torsk som er bløgga, rundreinsa, skoren i skiver og lagd i rennande kaldt vatn i ein til to timar straks etter at han er fiska
- sløye fisk
- å skjere opp buken og fjerne innmaten
- tørrfisk
- hovudkappa og sløgd fisk som blir tørka i friluft