Oppgåve
Gruppeoppgåve service
I denne oppgåva skal de velje dykk eit fagområde innanfor restaurant- og matfaga og vise døme på god og mindre god service ein kan oppleve her.
Klassen blir delt inn i grupper som kvar vel seg eitt av fagområda innanfor restaurant- og matfag.
Diskuter i gruppa og kom fram til ulike situasjonar der du kan oppleve både god og mindre god service innanfor dette fagområdet. Det kan vere både materiell service, systemservice, personleg service og sjølvservice.
Gruppa skal velje tre situasjonar og presentere desse for resten av klassen.
Framføring
Vel mellom desse framføringstypane:
- rollespel
- film
- animasjon
- biletpresentasjon
- presentasjon i PowerPoint
Arbeidsplan
Lag ein arbeidsplan som viser:
- val av presentasjonstypar
val av situasjonar
kven som gjer kva
Etter at alle gruppene har presentert for kvarandre, kan de reflektere saman i klassen:
Er de stort sett einige om kva de meiner er god og mindre god service?
Er det stor skilnad mellom kva slags service som blir forventa innanfor dei ulike fagområda?