Hopp til innhald

Fagstoff

Miljøsertifisering av mediebedrifta Trigger Oslo

Eit ønske om grøn omstilling kan motivere verksemder til å skaffe seg Miljøfyrtårn-sertifisering. Kommunikasjonsselskapet Trigger Oslo vart Miljøfyrtårn i 2019. Prosessen var omfattande og tidkrevjande, og mediebedrifta måtte gå gjennom endringar på fleire område for å bli miljøsertifisert.
Montasje som illustrerer karbonavtrykk. Menneske sorterer metallboksar og ber søppelbøtte. Ulike symbol og gjenstandar rundt omkring, til dømes ein elbil, ei sparelyspære, eit fotavtrykk, plantar og ein gjenvinningsstasjon. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er miljøsertifisering?

I dagens arbeidsliv blir det forventa ei miljøvennleg drift av verksemder. Ei bedrift kan få eit Miljøfyrtårn-sertifikat når den daglege drifta har eit lågt nok .

Ved starten av ein miljøsertifiseringsprosess blir målingar gjorde innanfor fem område av verksemda:

  • arbeidsmiljø

  • avfallshandtering

  • energibruk

  • innkjøp

  • transport

For å bli miljøsertifisert må organisasjonen oppnå vesentlege miljøforbetringar innan eitt år. Bedrifta er sjølv ansvarleg for å logge eigne resultat.

Trigger Oslo og miljøsertifisering

Kommunikasjonsselskapet Trigger Oslo var tidlegare ei verksemd med tilfeldig drift, der kvar enkelt tilsette sjølv måtte velje å jobbe miljøretta.

Nokre eldsjeler i bedrifta trekte dei andre med. Ei lita gruppe tilsette tok initiativ til mellom anna ei intern miljøutfordring.

Dei tilsette kunne tene poeng ved å gjere ulike miljøvennlege handlingar i løpet av ein periode på 14 dagar. Kreativiteten var stor. Alt skulle dokumenterast, og på ein morosam måte fekk dei tilsette i Trigger Oslo utfordra kvarandre til å både tenkje nytt og inspirere kvarandre. Etter kvar dag vanka det stjerneklistremerke på ein plakat som var hangen opp i fellesarealet.

Døme på miljøutfordringar

  • Ta med eigen kopp/vassflaske, og bruk han eller ho gjennom heile dagen.

  • Unngå matsvinn etter lunsjen.

  • Ta kollektivtransport eller gå/sykle til jobb.

  • Plukk søppel på veg til jobb.

I etterkant vart det bestemt at Trigger Oslo skulle satse på miljøsertifiseringa, og i 2019 vart selskapet eit Miljøfyrtårn.

Konkrete endringar og resultat

Å bli Miljøfyrtårn vart ei satsing som var omfattande og tidkrevjande. For å bli sertifisert måtte bedrifta endre drift og rutinar på område som energiforbruk, transport, innkjøp og kjeldesortering.

Transport

Den største berekraftige driftsendringa har Trigger Oslo fått innanfor reising og transport. Bedrifta flytta kontora sine til ein stad meir sentralt i Oslo og bruker no mindre taxi. Bedrifta har hatt færre flyturar til kundar og arrangement. I tillegg dekkjer bedrifta sykkelparkering for dei tilsette og oppmodar på den måten dei tilsette til å sykle til og frå jobb.

Energiforbruk

Symbol for resirkulering på ein graskledd ås under blå himmel. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Trigger Oslo hadde utfordringar med å måle og endre energiforbruket. Etter samtalar med utleigaren av lokala dei jobbar i, fekk dei splitta opp energiforbruket per leigetakar.

No kan energiforbruket målast, og bedrifta kan ta kontroll og senke energiforbruket.

Innkjøp

Bedrifta har vorte meir bevisst på å gjere berekraftige innkjøp. Selskapet har vore oppteke av å finne brukte kontormøblar og sel møblane vidare i størst mogleg grad.

Dei har òg vorte meir bevisste på kva aktørar dei gjer avtalar med, slik at dei ikkje går på akkord med miljø og berekraft.

Kjeldesortering

Kjeldesortering er det enklaste miljøtiltaket Trigger Oslo gjennomførte. I kvardagen sorterer bedrifta restavfall, papir, plast og bioavfall. Bedrifta har til dømes ei søppelbøtte for restavfall berre éin stad i lokalet, for å gjere avfallshandteringa meir effektiv.

Tenk over

Trur de miljøsertifisering kan bli eit krav for bedrifter i framtida?

Problemstilling: grønt samvit?

Dersom miljøsertifisering blir eit reint marknadsføringsstunt, kan spørsmålet om ein kjøper seg fri frå eit dårleg samvit fort bli ubehageleg for bedrifter og offentlege organisasjonar. Å vise fram at bedrifta er miljøretta kan vere ein fordel når verksemder konkurrerer om å vinne kontraktar.

Grønvaskingsplakaten

Grønvaskingsplakaten er ein slags Ver Varsam-plakat for korleis bedrifter skal vere klar over sjølvomtale ved sitt eige berekraftsarbeid. Plakaten fungerer som ein rettleiar for verksemder som vil bidra positivt til at det grøne skiftet skjer raskare.


Tenk over

Les Grønnvaskingsplakaten (grønnvasking.no).

På kva måte kan bedrifter få konkurransefordelar ved å stå fram som tilhengjar av grønvaskingsplakaten?

Kjelde

Miljøfyrtårn (u.å.). Dette er Miljøfyrtårn: Sertifisering og miljøledelse. Henta 4. juni 2021 frå https://www.miljofyrtarn.no/virksomhet/om-oss/dette-er-miljofyrtarn/

CC BY-SASkrive av Lars Dyhrfjeld.
Sist fagleg oppdatert 10.06.2021

Læringsressursar

Berekraft og medieproduksjon