Berekraftig medieproduksjon
Les artikkel
Gå saman i grupper på to eller tre stykke. Les gjennom denne relaterte artikkelen:
Relatert innhald
Aktørar i mediebransjen må leggje til rette for ein miljøvenleg og berekraftig produksjon.
Forklar og diskuter desse omgrepa og omgrepspara
vekst versus berekraft
resirkulering og tilbakeføring til kretsløpet
sirkulær økonomi
livssyklusen til eit produkt
planlagd forelding versus gjenbruk
reparasjon og destruksjon
eige og leige
Tenk dykk at gruppa dykkar jobbar i eit reklamebyrå som fotografar og mediedesignarar. De ønskjer å bli betre på miljøvennleg og berekraftig medieproduksjon.
Reflekter rundt desse spørsmåla, og noter svara i eit felles dokument.
Lag ei oversikt over kva utstyr de bruker for å gjennomføre jobben.
Kva produksjonsutstyr er det freistande å oppgradere til nyare modellar/utgåver?
Kva alternativ finst det til å kjøpe nytt produksjonsutstyr?
Kven kan ha interesse av at produksjonsutstyr blir utdatert og teke ut av dagleg bruk raskt?
Korleis kan reklamebyrået påverke utstyrsleverandørar til å tenkje meir miljøvennleg og sirkulærøkonomisk?
Oppsummering
Presenter til slutt svara for resten av klassen.