Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

– Hjelp, vi har blitt Miljøfyrtårn!

Bedrifta har blitt miljøsertifisert, og de skal lage ein ny kommunikasjonsplan. Kva forbetringar har bedrifta hatt? Korleis skal de kommunisere dette ut til andre? Oppgåva fokuserer på ulike sider ved miljøsertifisering og kommunikasjon.
Ein fargerik plansje viser mange symbol for fornybar energi – som vindmøller, sparepærer og elbilar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1) Undersøk Miljøfyrtårn og FNs berekraftsmål



  1. Gå inn på nettsida til Miljøfyrtårn. Set dykk inn i stoffet som ligg under kategorien «Om Miljøfyrtårn». Set dykk òg inn i FNs berekraftsmål.

    • På kva måte er miljøsertifisering, gjennom til dømes Miljøfyrtårn, knytt til FNs berekraftsmål?

  2. Førestill dykk at de leier ei mediebedrift. De har eit stort engasjement for at bedrifta skal jobbe berekraftig.

    • På kva område skal mediebedrifter stå i brodden som gode døme?

    • Kva utfordringar kan bedrifta få om de krev «sertifiserte miljørekneskapar» hos kundar og samarbeidspartnarar?

Oppgåve 2: Lag ein kommunikasjonsstrategi for ei mediebedrift

Gå saman i grupper på fire elevar.

Oppdrag

Lag ein kommunikasjonsstrategi for ei mediebedrift som nyleg har blir miljøsertifisert. Lag skisser til innhald, og presenter strategien for klassen.

Framgangsmåte

  • Set dykk inn i dei ulike fasane i ein kommunikasjonsstrategi i fagartikkelen Kommunikasjonsstrategi og kommunikasjonsplan (NDLA).

  • Finn fram til ei mediebedrift som er miljøsertifisert.

  • Målet er å få informasjonen om miljøsertifiseringa og grøn omstilling tydeleg ut.

    Ta for dykk dei ulike fasane i ein kommunikasjonsstrategi, og skisser opp innhald til ein kommunikasjonsplan for mediebedrifta.

  • Presenter for klassen.




Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Lars Dyhrfjeld.
Sist fagleg oppdatert 14.06.2021

Læringsressursar

Berekraft og medieproduksjon