Berekraft og medieteknologi
Dersom vi skal lykkast med å oppnå FNs berekraftsmål, må vi endre forbruksvanane våre. Eit berekraftig samfunn har eit balansert forbruk av varer og tenester slik at òg dei neste generasjonane kan leve godt på jorda. Forvaltninga av naturressursar i dag, med ein stadig auke i globalt forbruk og økonomisk vekst, er ikkje berekraftig.
Alle aktørar i samfunnet, inkludert mediebransjen, har eit ansvar for å leggje til rette for berekraftig produksjon og forbruk. Mediebransjen kan setje fokus spesielt på miljømessige forhold rundt utvikling og bruk av moderne medieteknologi.
Tenk over
Kor mange ulike elektroniske og medierelaterte einingar og tilbehøyr har du liggjande?
Kor mykje har du kasta dei siste åra av slikt utstyr?
Kvar blir det av avfallet?
Ein sirkulærøkonomisk tankegang kan hjelpe oss til å bli meir berekraftige. Sirkulær økonomi betyr at vi utnyttar naturressursar og produkt på ein effektiv måte, i eit krinsløp der færrast moglege ressursar går tapt. Om vi endrar forbruksåtferda vår, vil det bidra til eit betre miljø.
Sirkulær økonomi i mediebransjen dreier seg mellom anna om forståing for forbruk av utstyr.
Det er viktig å sikre lang levetid på utstyr.
Det er viktig å skaffe utstyr som enkelt går tilbake i eit krinsløp.
Det skal vere enkelt å plukke produkt frå kvarandre slik at delane kan sorterast og vinnast att til råstoff i nye produkt og nytt utstyr.
Eit spegelreflekskamera blir produsert av mange ulike materialar som plast, glas, gummi og kunsttekstilar. Det krev mykje energi å produsere kameraet.
Kva om materialane til eit nytt kamera kan kome frå eit gammalt, kassert kamera?
Vi er nøydde til å sjå på produktlivsløpet til utstyret, altså livet til produktet "frå fødsel til død", for å få eit inntrykk av den totale miljøpåverknaden det har.
Utfordringa for oss forbrukarar, som gjerne vil ha det nyaste og beste, er at kameraet – og annan teknologi – typisk bør kunne brukast lenger enn dei korte produktlivsløpa vi ser for produkt i dag.
Batteri blir brukte mykje innan moderne medieteknologi. Tek du ein kikk heime, vil du nok finne mange batteridrivne dingsar, til dømes brannvarslar, mobil, verktøy og fjernkontrollar. Når batteria er tomme, leverer vi dei til gjenvinning. Kva skjer i denne prosessen, og kva kan kome ut av dei gamle batteria?
Når batteria kjem inn til behandlingsanlegget, blir dei i grove trekk utlada, nøytraliserte, kverna opp, separerte til ulike delar og kjemisk behandla slik at ein kan trekkje ut råstoff til ny produksjon.
Råstoff som blir vunne ut, er mellom anna syre, metall og plast. Råstoffa frå batteria får "nytt liv" saman med andre materialar, til dømes korrosjonsvern på stål, pigment (fargestoff) i metallegeringar og i måling og i produksjon av hagemøbel, isskraper og til og med dashbord i bilar.
Bedrifter i mediebransjen har mykje makt fordi dei kjøper og leiger medieteknologi. Bedriftene kan leggje press på leverandørar for at dei skal jobbe etter sirkulærøkonomiske standardar.
Mediebedrifter kan og bør fremje tydelege krav til utstyrsleverandørar:
Produkt må utviklast med materialval og produktemballasje som kan resirkulerast.
Produkta må vere meir robuste og ha betre kvalitet.
Utstyrsleverandøren må ha ordningar for reparasjon slik at produktlivsløpet blir forlengt.
Utstyrsleverandøren må ha samarbeidspartnarar som kan resirkulere kassert utstyr og dermed føre det tilbake til krinsløpet.
Det finst ordningar for bedrifter som vil ha miljøsertifisering. Her får bedriftene hjelp og rammer for både å kome i gang med berekraftig drift og for å halde fram med det.
Vel mediebedrifta å kjøpe og eige sitt eige utstyr, er det ei moglegheit å dele utstyrsbruken med andre bedrifter i bransjen. Det er òg andre gode sirkulærøkonomiske alternativ til å eige. Bedrifta kan til dømes leige produksjonsutstyr på kort eller lang kontrakt.
Eit berekraftig alternativ er å kjøpe brukt produksjonsutstyr. Bedrifta får rett nok ikkje den siste modellen, men det er pengar å spare, og utstyret får eit lengre produktliv.
I både privatsfæren og i mediebransjen opplever vi at produkt sluttar å verke tidlegare enn vi hadde tenkt. Planlagd forelding inneber at til dømes PC-en eller telefonen din har innebygd ei svakheit slik at dei må skiftast ut tidlegare enn naudsynt. Dette gjer produsentar for å auke salet og den økonomiske fortenesta. Konsekvensen er eit forbruk som er langt frå berekraftig.
Her er det motstridande interesser. På den eine sida blir det tilbode produkt som har alt for korte produktlivsløp, fordi produsentane ønskjer at vi skal kjøpe nye produkt og dei skal få økonomisk gevinst. På den andre sida ønskjer vi at produktet skal vare lengst mogleg før det går tilbake i eit berekraftig krinsløp.
Det har vorte stadig vanlegare at bedrifter påstår at dei er berekraftige for å selje fleire produkt. Grønvasking er ei form for villeiande marknadsføring der eit produkt eller selskap blir framstilt som meir miljøvenleg enn det som faktisk er tilfellet.
Utfordringa til deg som kjøpar, er å sjekke gyldigheita av det som blir lovt, for grønvasking av produkt er ikkje berre villeiande, men det undergrev òg dei bedriftene som verkeleg endrar drifta si i ei meir berekraftig retning.
Tenk over
Kva meiner de kan vere løysingar for problemet grønvasking?
Berekraft
Sirkulær økonomi/krinsløp
Produktliv
Planlagd forelding
Grønvasking
Relatert innhald
Ved å innføre sirkulær økonomi avgrensar vi presset på naturressursane og mengda avfall.